Hopp til innhold

Alvorleg ulykke i Hornindal – motorsyklist fekk livreddande førstehjelp

Ein person blei sendt til sjukehus etter ein kollisjon mellom ein motorsykkel og ein bil i Hornindal på Sunnmøre.

Trafikkulykke ved Kjøs bru

ULYKKE: Ein bil og ein motorsyklist kolliderte ved Kjøs Bru i Volda kommune på Sunnmøre.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Det var like før klokka 17.30 måndag at politiet melde om ei ulykke mellom ein bil og ein motorsyklist på E39 i Hornindal i Volda kommune. Ulykka skal ha skjedd like nord for Kjøs bru.

Naudetatane rykte ut til staden og det blei sett i gang med livreddande førstehjelp på motorsyklisten. Tilstanden til den skadde var uklar, men i 18.30-tida kom politiet med ei oppdatering.

– Føraren av motorsykkelen har respondert bra på hjarte- og lungeredning, sa John Bratland, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Føraren blei frakta til sjukehus med luftambulanse for operasjon og vidare behandling. Det er så langt uklart kor alvorleg skadd han er.

– Dei to i bilen er tilsynelatande uskadd, seier Bratland.

Han seier vidare at det er for tidleg å seie noko om kva som er årsaka til ulykka.

Gjer undersøkingar på staden

Politiet melde først at europavegen kunne bli stengt lenge som følge av ulykka. Det skal ha vore ein del kø på staden.

Like før klokka 19.00 opplyser politiet at dei straks vil opne opp eitt køyrefelt for passering fordi ulykkesstaden. Dei ber bilistar om å køyre forsiktig.

Kriminalteknikarar frå politiet og mannskap frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen gjer undersøkingar på ulykkesstaden.

– Det er truleg snakk om ei alvorleg trafikkulykke og det vil bli gjort tekniske undersøkingar på staden, så folk må vere budd på at vegen kan bli stengt lenge, sa operasjonsleiar Bratland til NRK i 17.30-tida.

Klokka 23.00 opplyser politiet til NRK at vegen framleis er stengt i eitt felt på grunn av undersøkingane. Det vil truleg gå fleire timar før vegen blir opna for normal trafikk.

Mannskap frå brannvesenet skal også hjelpe til med oppryddingsarbeid på staden før vegen kan opne heilt.

Ulykka skjedde like nord for Kjøs bru i Hornindal på Sunnmøre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL