Hopp til innhold

Var fastklemt etter kollisjon i Ulstein – frakta til sjukehus

Ein person er frakta til sjukehus med luftambulanse etter ein kollisjon like utanfor Selvågtunnelen i Ulstein. Vegen var stengt lenge etter ulykka.

Ulykke ved Selvågtunnelen i Ulstein

KOLLISJON: To bilar kolliderte ved Selvågtunnelen i Ulstein kommune tysdag føremiddag.

Foto: Andreas Bjerknes / Vikebladet Vestposten

Ifølge politiet skjedde ulykka like utanfor tunnelen. Det blei først meldt at kollisjonen hadde skjedd inne i tunnelen. Selvågtunnelen ligg på fylkesveg 653 på Sunnmøre.

– Det har vore ein kollisjon mellom to bilar. Det var fem personar i bilane. Fire av desse er ute av køyretøya, men ein person sit fastklemd, sa Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK i 12.00-tida.

Brannvesenet jobba for å frigjere denne personen. Klokka 12.34 meldte politiet at vedkomande er frigjort.

Det var fire personar i den eine bilen og ein person i den andre.

– Skadeomfanget er ukjent, men det er snakk om alvorlege skader på den som sat fastklemt, seier Reite.

Til sjukehus for undersøkingar

Alle naudetatane rykte ut til staden etter ulykka. I tillegg var det også to luftambulansar der.

Også dei fire andre blei frakta til sjukehus med ambulanse.

To av dei blei frakta til Volda sjukehus og dei to andre blei sendt til Ålesund sjukehus for undersøkingar, opplyser Reite.

Luftambulansen og kø utanfor Selvågtunnelen i Ulstein.

Det danna seg kø på begge sider av tunnelen.

Foto: MARIA MYRENE VÅGSÆTER

– Alvorleg ulykke

Like etter ulykka melde Statens vegvesen at det var snakk om ei alvorleg ulykke og at vegen kunne bli stengt lenge.

Både Vegvesenet og politiet har gjort åstadundersøkingar på staden.

17.18 melder dei at dei har avslutta på staden og at vegen har opna igjen.

Det er så langt uklart kva som er årsaka til ulykka, men politiet skal etterforske saka.

Ulykka skjedde på Ulstein-sida av tunnelen. Det danna seg lang kø på begge sider av tunnelen som følge av ulykka.