Alvorleg skadd i ulykke

Ein 14 år gamal gut blei alvorleg skadd i ei trafikkulykke i Molde tidlegare i dag. Guten, som sykla, hadde ein samanstøyt med ein bil og blei frakta til sjukehus med ambulanse. ifølgje Helse Møre og Romsdal blei guten sendt til operasjon etter ulykka. Status er alvorleg, men stabil. Politiet opplyser til NRK at førarkortet til bilføraren har blitt beslaglagd medan saka blir etterforska.