Hopp til innhold

Alvorleg skadd i ulykke

Føraren av ein motorsykkel blei skadd då han køyrde av vegen i Averøy i ettermiddag.

MC ulykke i Averøy

Ulykka blei meldt i 13.30-tida, og då var nødetatane allereie på staden.

Ein luftambulanse rykte også ut og landa på staden omlag klokka 13.45. MC-føraren er alvorleg skadd, og tilstanden er uavklart. Vedkomande, ein mann i slutten av ten-åra, er sendt til St.Olavs Hospital i Trondheim.

Ulykka skjedde på fylkesveg 247, ikkje langt frå Gulset. Det er vegen som går på austsida langs kysten.

Ifølge politiet har det vore godt ver, god temperatur og godt føre dei siste dagane, og det har gjort at fleire mc-førarar har forlenga sesongen. Korleis føreforholdet var då ulykka skjedde har politiet så langt ikkje opplysningar om.

Ulykkesgruppa i Statens Vegvesen er utkalt. Det er rutine ved slike ulykker.

Ingen andre personar eller køyretøy enn lettmotorsykkelen skal ha vore innblanda i ulykka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL