Alvorleg skadd i mopedkrasj

To personar blei i natt send til sjukehus etter å ha køyrt av vegen på Bjørnøya i Haram kommune.

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka skjedde på Bjørnøya utanfor Søvik i natt like før klokka 03.00.

Politiet har tatt blodprøver av begge, og mistenker dei for å ha køyrt med promille.

Operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt fortel at det verkar som om begge har vore på mopeden, og hamna utfor vegen. Den eine av dei vart alvorleg skadd i ulukka, og send til St. Olavs Hospital i Trondheim med luftambulanse.

Mannen ligger fortsatt på intensiven, opplyser Helse Midt-Norge, og er søndag ettermiddag stabil.

Den andre personen vart send til sjekk på Ålesund sjukehus, og er utskriven.