NRK Meny
Normal

Alvorleg skadd i arbeidsulykke

Ein mann i 60-åra er alvorleg skadd i ei arbeidsulykke i Herøy. Ulykka skjedde då mannen vart treft av eit røyr under vegarbeid.

Laster kart, vennligst vent...

Det var under vegarbeid i eit kryss på Frøystad i Herøy ulykka skjedde.

Det var klokka 15.19 at politiet fekk melding om ulykka som skjedde på Frøystad i Herøy. Ein mann vart treft av eit røyr som hang i ein stropp på ei gravemaskin under flytting. Ulykka skal ha skjedd under vegarbeid i eit kryss.

– Politiet har vore på staden og gjort åstadsundersøking for å etterforske saka vidare, seier operasjonsleiar Sindre Molnes.

Ifylgje Helse Møre og Romsdal er tilstanden til mannen i 60-åra alvorleg og stabil.

Arbeidstilsynet er varsla.