Hopp til innhold

Tre tatt inn til avhøyr etter knivstikking i Ålesund

Tre personar har blitt tatt med inn til Ålesund politistasjon for vidare avhøyr etter ei knivstikking i Ålesund søndag morgon.

Ålesund politistasjon

Tre personar vart søndag ettermiddag tatt med inn på politistasjonen i Ålesund etter ei knivstikking søndag morgon.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det var like før klokka 09.00 søndag morgon at politi og ambulanse rykka ut til ei leilegheit i Ålesund sentrum etter å ha mottatt ei melding om at ein person vart blitt knivstukken.

Personen i 20-åra vart så frakta til Ålesund sjukehus med ambulanse.

– Skadane skal vere alvorlege, men ikkje livstruande, seier Ole Bjørn Harang, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Tre arrestert

Etterforskingsarbeidet vart raskt sett i gang og kriminalteknikarar og politiet har i dag vore på staden der knivstikkinga truleg har skjedd, og gjort undersøkingar.

– Vi har tatt inn tre personar til avhøyr, men om desse får status som vitne, mistenkt eller tiltalt er ikkje avklart på dette tidspunktet, seier Harang til NRK.no i 12.30-tida søndag.

Så langt kan operasjonsleiaren ikkje seie noko om kva som skal ha skjedd.

– Vi vil halde fram med etterforskingsarbeidet og etterforskar breitt, men det er så langt ikkje avklart kven som har gjort kva og kvifor. Det håpar vi at den vidare etterforskinga og avhøyra av desse tre personane vil kunne avklare, seier Harang.

Dei tre personane vil bli avhøyrt av politiet søndag.

– Vi håpar at det vil gi oss eit klarare bilete av kva som har skjedd, seier operasjonsleiaren.

Det er så langt uklart om det vil vere mogleg å avhøyre personen som vart knivstukken i dag.

Kjenningar av politiet

Dei tre personane ifølgje Harang vere frå eit miljø som politiet kjenner godt til, men det er så langt uklart om dei tre og den skadde kjente kvarandre.

– Korleis dei involverte kjenner kvarandre er så langt ikkje klargjort, seier Harang.

Truleg ingen samanheng

Også natt til laurdag vart ein mann i 20-åra knivstukken i ei leilegheit i Ålesund.

Det er så langt uklart om det er ein samanheng mellom dei to sakene.

– Vi har ikkje haldepunkt for å seie at det er ein samanheng mellom dei to knivstikkingane. Det er i alle fall ingenting som tydar på det på dette tidspunktet, seier Harang.

Operasjonsleiaren seier likevel at dei ikkje ser bort frå moglegheita for at det kan vere ein samanheng.

– Vi er inne i ei tidleg fase av etterforskinga og utforskar alle moglegheiter, seier han.

NRK følgjer saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL