Hopp til innhold

Alvorleg hjartesjuk droppa medisinen – apoteket seier dei aldri gav eit slikt råd

Etter å ha snakka med ein farmasøyt på apoteket droppa den alvorleg hjartesjuke mannen medisinen som legen hadde skrive ut.

Albyl-E

Det var denne typen medisin mannen droppa å bruke, Albyl-E. Det kunne ha kosta han livet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Utfallet kunne blitt svært alvorleg då mannen blei gåande utan den medisinen hadde skulle hatt. Det meiner kommuneoverlegen, som nyleg varsla fylkeslegen i Møre og Romsdal om saka.

– Manglande behandling med Albyl-E kunne i verste fall resultert i nytt hjarteinfarkt med fatalt utfall, skriv kommuneoverlegen.

Mannen fekk eit alvorleg hjarteinfarkt rett før sommaren. På grunn av stor fare for å få nye infarkt, skreiv legen ut to ulike blodfortynnande medikament, Albyl-E og Brilique, til pasienten sin. Men etter å ha snakka med farmasøyten på apoteket på heimstaden, kutta pasienten ut det eine.

Oppdaga først etter ein månad

Feilen blei oppdaga først etter ein månad, då mannen kom på kontroll på sjukehuset. Det går fram av eit journalnotat som no er oversendt fylkeslegen:

Utdrag frå journal

Av journalutdraget går det fram at pasienten skal ha fått beskjed frå farmasøyten om å ikkje bruke dei to medisinane samtidig. Apotekleiinga avviser dette.

Foto: Synnøve Hole / NRK

«Det har vore noen uheldige hendelser i forhold til medisineringen. (...) I tillegg fikk hxn beskjed frå farmasøyt på apoteket om at hxn ikkje skulle bruke Albyl-E og Brilique samtidig. Hxn har dermed gått en måned utan Albyl-E. » (Kjønn anonymisert av fastlegen)

Avviser å ha gitt eit slikt råd

Leiinga for apoteket avviser at pasienten fekk råd om å droppe den eine medisinen, men beklagar det som har skjedd og seier det har oppstått ein kommunikasjonssvikt.

– Apotekar forstod situasjonen slik at kunden skulle forhøyre seg om dette med legen sin innan dei neste dagane. Dessverre har det her oppstått ein kommunikasjonssvikt, med det resultat at det eine legemiddelet ikkje blei tatt, skriv leiinga i ein e-post til NRK.

Hevdar pasientane kan bli usikre

Episoden på apoteket i Møre og Romsdal skjedde berre nokre dagar før Stortinget starta ei prøveordning der hjarte- og karsjuke pasientar kan be om hjelp til medisinstart i apoteket. Dermed har problemstillinga blitt høgaktuell den siste tida, men mange legar er svært kritiske.

Petter Brelin

Leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Petter Brelin, er uroleg for om medisinråd i apoteka skaper usikkerheit for pasientane.

Foto: Guro Langehaug Grønn / NRK

– Eg er uroa over at vi får stadig fleire rapportar om dårleg rådgjeving i apoteka, og no med den nye ordninga der det skal gjevast meir og tettare råd frå apoteka, er vi uroa for at det kan skape usikkerheit hos pasienten, seier Petter Brelin, som er leiar i Norsk foreining for allmennmedisin.

Trur ordninga er komen for å bli

Ifølgje Statens legemiddelverk døyr rundt 1000 pasientar kvart år som følgje av biverknader og uheldig bruk av legemiddel.

Per T. Lund

Administrerande direktør Per T. Lund i Apotekforeningen meiner det er svært viktig at farmasøytane i apoteka gir råd til pasientane om medisinbruk.

Foto: Guro Langehaug Grønn / NRK

Apotekforeininga seier dei har eit svært viktig oppdrag og fnys av kritikken frå legane.

– Det er faktisk slik at farmasøytane allereie snakkar med pasientane sine på apoteka, det er lovpålagt. Apoteklova seier at vi skal informere om rett legemiddelbruk, det kjem vi til å halde fram med, seier Per T. Lund, som er administrerande direktør i Apotekforeningen.

Fylkeslegen i Møre og Romsdal har no starta gransking av saka. Mannen ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.