Hopp til innhold

Alvorleg arbeidsulykke i Ålesund

Ein person fekk ein kniv i magen eller brystregionen i samband med ei arbeidsulykke i Ålesund i 08-tida.

Arbeidsulykke i Havnegata

Arbeidsulykka skjedde ved ei bedrift i Havnegata.

Foto: Terje Reite / NRK

Ulukka skjedde i ytre bydel, og den skadde blei henta av ambulanse. Då politiet fek melding om arbeidsulykka rykte dei ut til staden.

Operasjonsleiar hos politiet, Sindre Molnes, fortel at det er innmeldt som ei arbeidsulykke, men at dei likevel sende krimteknikarar til staden. I 09.15-tiden har politiet avslutta arbeidet på staden.

– Arbeidsulykka skjedde under sliping av knivar, fortel Molnes.

Den skadde skal vere ein mann i 30-åra av utanlandsk opphav. Han skal ha fått ein nokså djupt stikk i brystregionen. Politiet er i 09.15-tida på sjukehuset for å snakke med den skadde.

Politi tilstades ved bedrift i Havnegata

Politiet avhøyrer vitne ved bedrifta for å finne ut kva som har skjedd.

Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL