Hopp til innhold

Andre foreldre fryktar at Alva (4) skal bli kidnappa

Foreldra til Alva Ramnefjell Nygård (4) har fått fleire forskrekka reaksjonar over at jenta får sove åleine i hengekøya i hagen.

Alva Ramnefjell Nygård
Foto: privat

Det har ikkje mangla på reaksjonar etter at foreldra har fortalt til vener og kjende om fireåringen i hagen. I går skreiv nettstaden Klikk.no om fire år gamle Alva Ramnefjell Nygård som har overnatta fleire netter i hengekøye i hagen i Bærum, utanfor Oslo.

– Eg trur mange er litt for overbeskyttande, seier mor Kari Ramnefjell (42) frå Sykkylven. For i kommentarfeltet under artikkelen får foreldra klar beskjed frå andre om at dette hadde ikkje dei ville gjort. Madeleine-saka og kidnappinga blir også konkret nemnt.

Ville du sagt ja til ein fireåring som ville sove åleine i hagen? Delta i diskusjonen under artikkelen!

Trur foreldra gjer ungane ei bjørneteneste

Alva Ramnefjell Nygård

Alva Ramnefjell Nygård (4) viser fram hengekøya si. Her har ho sove godt og åleine fleire netter.

Foto: privat

Kari Ramnefjell trur mange barn med rette blir kalla "bomullsbarn" og lever eit beskytta liv.

- Eg syns det er litt trist. Eg trur du gjer ungane dine ei bjørneteneste dersom du hindrar dei frå å prøve ting og stadig seier "du kan ikkje gjere det, du er for lita", "neineinei, tenk om nokon kjem inn i hagen", seier Ramnefjell, som er profesjonell skodespelar.

Sjå pappa Mads Nygård (45) vekkje Alva (4) ute i hagen.

Alva (4) søv i telt i ein oslohage.Får reaksjonar.

Ville gjere som pappa

For då Alva på fire såg faren, Mads Nygård (45), overnatte i hagen ei varm sommarnatt, kom ideen om at også ho ville prøve seg.

– Eg sat med opa dør og venta på at ho skulle rope på meg og kome inn igjen, men ho gjorde ikkje det. Ho låg der i tre netter på rad, ler Ramnefjell.

Hunden passar på

Fireåringen i hengekøya låg berre ti meter unna foreldra si opne soveromsdør. I tillegg passa hunden deira på. Foreldra meiner difor det var trygt å la Alva sove ute.

– Vi har ikkje akkurat hengt ho ut i ein bakgard, vi har jo eigen hage, ler Ramnefjell, og poengterer at 99 prosent av reaksjonane har vore positive.

- Mange har blitt veldig overraska, og sagt vi er tøffe. Mange seier dette inspirerer dei og er gøy. Vi har ikkje akkurat barnevernet på nakken, ler Ramnefjell.

Frie tøylar heimanfrå

Kari Ramnefjell med Alva Ramnefjell Nygård

Mor Kari Ramnefjell og Alva (4) i sunnmørsbunad. Ramnefjell meiner oppveksten i sunnmørsk natur har påvirka dottera.

Foto: privat

Sjølv er ho oppvaksen i Sykkylven på Sunnmøre med god tilgang til naturen, og med frie tøylar heimanfrå.
Eg veit ikkje om eg hadde turt å overnatte ute åleine som fireåring, men trur absolutt ikkje foreldra mine ville stoppa meg om eg ønskte å prøve det, seier Ramnefjell. Ho seier ho hadde same fridomen som dottera, dersom ho ville prøve noko, fekk ho det.

God søvn i frisk luft

Akkurat no er hengekøya pakka vekk, men ho skal opp igjen i sommar, seier Kari Ramnefjell. Og ho er sikker på at dottera vil overnatte der igjen.

– Ho søv kjempegodt i frisk luft og med lett duvande rørsler. Ho søv faktisk mykje betre enn på eit klamt soverom, seier Ramnefjell.