NRK Meny
Normal

Alt virka normalt

Reiarlaget hadde kontakt med Bourbon Dolphin eit par timar før havariet. - Alt virka normalt om bord, sa charter-manager Steven Jon Rooney.

Rooney var i dagleg kontakt med skipet.  Han var reiarlaget sin kontaktperson overfor oljeriggen Tranocean Rather og meklaren som hadde bestilt oppdraget.

Neste oppdrag

- Eg var i kontakt med kapteinen på Bourbon Dolphin for å diskutere neste oppdrag.  Eg fekk ikkje noko inntrykk av at noko var galt.  Samtalen gjekk føre seg i 16-tida havaridagen.  Kapteinen hadde bede om assistanse ein halvtime før.

- Samtalen handla om neste jobb vi hadde sikra. Eg snakka med kaptein Oddne Remøy.  Det handla om framtidsplanane for fartøyet. Eg visste ikkje at dei var i trøbbel, sa Rooney. Dette var ein torsdag. Neste oppdrag skulle begynne måndagen etter, fortalde han.

Spot-marknad

Rooney har ansvaret med å skaffe oppdrag til Bourbon Dolphin og dei andre skipa. Han arbeider i første rekkje i spot-marknaden. - Vi baud inn båten på ein pris til oppdraget. Det var forsåvidt spørsmål om pris, men eg kan ikkje hugse om det var snakk om pruting på prisen, sa Rooney. Men det blir ofte pruting i slike situasjonar, sa han.

Ikkje uvanleg

Rooney kunne ikkje seie noko om han oppfatta oppdraget ved Transocean Rather som uvanleg på nokon måte.  - Eg vil ikkje seie at dette verka uvanleg, sa han. Men eg fekk heller ikkje så mykje detaljar om oppdraget.   Det kan tenkast at eg kunne ha hatt behov for slik informasjon, men spesifikasjonane er sendt ut til dei som skal utføre arbeidet, sa Rooney.

Intern kontroll

Under høyringa blei det også fokus på ein internkontroll som Rooney hadde utført.  Rapporten omtalte nokre manglar.  Det mangla mellom anna signaturar på nokre dokument i samband med mannskapsskifte. - Av erfaring veit eg at det alltid er noko som kan forbetrast. Eg syntes blant anna dei kunne bli betre på å ta risikovurderingar i det daglege arbeidet, sa Rooney. Internkontrollen blei teken i samband med at