Møre og Romsdal har heile tre lag med i eliteserien neste sesong. Det betyr at det blir fleire lokaloppgjer.
Det første lokaloppgjeret er allereie i første runde. Nyopprykka Kristiansund skal møte Molde heime i den aller første kampen i eliteserien i 2017. Molde vart nummer fem i årets sesong. Det kan bli ein tøff start for KBK.
– Ikkje berre møter dei Molde i første runde. Dei skal spele mot Odd borte i 2. runde og etterpå møter dei Brann, seier fotballkommentator Rune Hustad.
Aalesund startar med Stabæk borte.