NRK Meny
Normal

Alt klart for tidenes handballfest i Ulsteinvik

I dag brakar det laust for handballeventyret som folk i Ulsteinvik har venta på i månadsvis.

Stor innsats på handballtreninga

Dei norske handballdamene har allereie vore i Ulsteinvik i ei veke.

Foto: Arne Flatin / NRK

Etter månader med planlegging og timevis med dugnadsarbeid er det torsdag endeleg klart for fire-nasjonars turnering i handball i Ulsteinhallen. Det blei jobba til seint onsdag kveld for å kome i mål med alle førebuingane til den store dagen.

– Det er ikkje å legge skjul på at det har vore hektiske dagar. Vi var ferdig rundt midnatt i går, men vi er så godt som klare til å ta imot i overkant av 2.000 tilskodarar i kveld, seier Jarl Martin Møller, leiar i Hødd handball.

– Stort

Den norske handballandslaget har allereie vore i Ulsteinvik i ei veke, der dei har trent mot turneringa og starta på oppkøyringa til OL i Rio. Frå torsdag og til og med søndag møter Norge dei tre langa Romania, Frankrike og Spania til kamp.

Jarl Martin Møller

Leiar i Hødd handball, Jarl Martin Møller, er klar for å ta i mot rundt 2.000 tilskodarar i Ulsteinhallen i kveld.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er heilt fantastisk. Verdens beste handballspelarar kjem til fylket vårt og det er ikkje kvardagskost. Det er klart vi er spente og det kriblar nok i magen for mange i dag, seier Møller.

Han er likevel trygg på at alle førebuingane er gjort til kampstart 17.15 torsdag.

– Det går kjempeflott. Dette er stort for heile handballfamilien i Møre og Romsdal, seier Møller.

Skal prøve å nyte kampen

Sjølv om det er mykje som skal ordnast før ei så stor turnering, trur Møller at han får tid til å slappe av og nyte kampane når det endeleg er klart for avkast i Ulsteinhallen seinare i dag.

– Ja, eg håper vi greier å roe oss litt då. Det er store idrettsprestasjonar som blir vist her i Ulsteinvik i dag. Det er fire utruleg sterke lag som skal spele mot kvarandre, og eg er sikker på at eit av laga kjem til å spele OL-finale i Rio, seier han.

Thorir Hergeirsson

Thorir Hergeirsson dirigerer troppane på treninga torsdag kveld førre veke.

Foto: Arne Flatin / NRK