NRK Meny
Normal

Alt klart for Moldejazz

I Molde er alt klart før den store opningsdagen av årets Moldejazz. Hans-Olav Solli, dagleg leiar i festivalen, lovar folkefest i Moldes gater.

Moldejazz

Alt er klart for folkefest i Molde. Her frå Moldejazz-paraden eit tidlegare år.

Foto: Roar Strøm/NRK

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen står for den offisielle opninga av den internasjonale jazzfestivalen i Molde i dag.

Dagleg leiar i Moldejazz, Hans-Olav Solli, gler seg til å kome i gong med festivalen, og er ikkje nervøs før folkefesten.

– Eg er klar som eit egg. Heile apparatet her i Molde står klar til å ta imot gjestane. Eg føler meg spent og forventningsfull, og ser fram til ei tettpakka veke, seier Solli.

Alt klart for den store opningsdagen

Opninga skjer klokka 12 i Alexandraparken, men i forkant av denne er det duka for den tradisjonelle paraden gjennom Storgata i Molde.

Markedssjef Hans Olav Solli

Dagleg leiar i Moldejazz, Hans-Olav Solli, føler seg spent og forventningsfull.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Til trass for dårlege vêrmeldingar er Solli sikker på at opningsdagen blir vellykka.

– Vi er vane til å takle all slags vêr og opninga og paraden i Moldejazz er ein solskinshistorie i seg sjølv, så vi tek det vêret som kjem, seier han lattermild.

Fornøgd med billettsalet

Solli fortel at billettsalet i forkant av festivalen har vore bra.

– Vi har selt om lag halvparten av billettane vi skal selje, så det lovar godt for resten av veka, seier han.

Robert Plant på Bergenfest 2014

Robert Plant er klar for årets Moldejazz. Her er han i aksjon i Bergen i fjor.

Foto: Roy Bjørge

Moldejazz har ein rekke kjente artistar som stjernetrommis Jack de Johnette, Joshua Redman og D'Angelo and the Vanguard på programmet, men det er ein annan gammal helt Solli ser aller mest fram til å sjå.

– Dersom eg må trekke fram ein som er det største for meg, må det vere Robert Plant – Led Zeppelin-vokalisten. Vi er veldig stolte av å ha han på programmet, seier han, vel vitande om at det også blir mykje jobbing under festivalen.

Jazzfestivalen varer fram til laurdag.