Hopp til innhold

Alle mot FrP i Sula

Direktevald ordførar Ronny Blomvik (FrP) i Sula får det vanskeleg i neste periode. Alle dei andre partia i kommunestyret har gjort ein avtale om valteknisk samarbeid. - Dei har underkjent valet, seier Blomvik.

Ordførar i Sula, Ronny Blomvik

Ordførar Ronny Harald Blomvik, FrP

Foto: Malin K. Korsnes / NRK

Trygve Holm, Sula

Varaordførar Trygve Holm, Ap.

Foto: NRK

KrF, Ap, Venstre, Sp, Sulalista og Høgre har 19 av dei 29 representantane i kommunestyret og tek no 5 av 7 plassar i formannskapet. Trygve Holm (Ap) blir ny varaordførar.

Frå fleirtal til mindretal

Dei siste fire åra har FrP saman med Høgre hatt fleirtal i kommunestyret i Sula, med Ronny Harald Blomvik ved roret. Måndag blei Blomvik attvald ved det direkte ordførarvalet, men fleirtalet til Høgre og FrP forsvann.

Eit sterkt redusert Høgre går no saman med alle dei andre grupperingane i kommunestyret, og det skal bli vanskeleg for FrP og Blomvik å få gjennomført politikken sin i dei fire neste åra. Etter den avtalen dei seks andre partia har gjort, får ikkje FrP ein einaste utvalsleiar. Og Blomvik blir ein ordførar i opposisjon.

- Har underkjent valet

- I realiteten har dei seks andre partia underkjent valet, seier ordførar Ronny Harald Blomvik. - Dei har teke frå oss plassar i formannskap og utval som veljarane har gitt oss. Vi har vore utestengde frå alle diskusjonar om medlemmer og leiarar i dei kommunale utvala. Vi er ikkje blitt spurde om kven vi ønskjer som varaordførar - han som skal vere min næraste medarbeidar.

Blir det vanskeleg å samarbeide med varaordføraren?

- På det personlege planet har eg ingen problem med å samarbeide med Trygve Holm. Politisk kan det nok bli vanskeleg.

Kva blir reaksjonen frå folk i Sula?

- Eg håper vi får ein kraftig reaksjon når folk ser at dei andre partia har halde valet for narr. FrP fekk eit relativt sterkt mandat frå veljarane som vi no er fråtekne gjennom ein nokså stor politisk hestehandel, seier ordførar Ronny Harald Blomvik.