Hopp til innhold

Alle får skuleplass

Alle søkjarar med ungdomsrett får tilgang til skuleplass i haust, men ikkje alle får lærlingplass.

Mekaniker

Mellom anna bilfaget har færre søkjarar etter at finanskrisa satt inn.

Foto: Aas, Erlend, Erlend Aas / SCANPIX

Etter andreinntaket til vidaregåande skule i Møre og Romsdal fylke er det berre 24 søkjarar med ungdomsrett som enno ikkje har tilbod om ein skuleplass. Men alle desse vil få eit tilbod før skulestart 19.august.

Læreplassar

151 elevar står utan lærlingplass i Møre og Romsdal til hausten. Fylkesutdanningsdirektør Per Hoem sier det er færre enn han frykta.

Fylkesutdanningsdirektør Per Hoem
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

- Vi var redd for at auka arbeidsløyse skulle føre til større problem med å få lærlingplassar til ungdommen, men slik har det ikkje gått. Men det er trasig for dei 151 elevane som så langt står utan lærlingplass, seier han.

Flest potensielle lærlingar står i kø for å verte tømrarar, barne- og ungdomsarbeidarar, industrimekanikarar, lære bilfaget og IKT servicefaget. Hoem tør ikkje å garantere alle plass.

- Det er enkelte fag som er spesielt problematisk, som byggfag og barne- og ungdomsarbeidarfaget for eksempel. Byggebransjen har vore spesielt utsatt i forhold til finanskrisa. Når det gjeld barne- og ungdomsarbeidarfaget, så er nok årsaka at kommunane har prioritert helsefagarbeidarar framfor barne- og ungdomsarbeidarar, så det har vore litt vanskeleg å få tak i lærlingplassar der i år, fortel Hoem.

Finanskrisa rammar nokre fag

Seksjonsleiar Anita Steinbru ved utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke peikar på at aktiviteten i bygg og anlegg er redusert som følgje av finanskrisa.

Anita Steinbru

Anita Steinbru

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

- Det er mange småbedrifter i byggebransjen og fleire av dei er meir skeptiske til å ta inn nye lærlingar no enn i fjor. Kommunane har satsa på helsearbeidarfaget og tar ikkje inn så mange lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Vi registrerer også at det pr 4.august står igjen fleire søkarar i industrimekanikarfaget og bilfaget samanlikna med dei to siste åra, som jo har vore toppår for formidling.

Dagleg leiar Jan Erik Klock ved opplæringskontoret for byggfaga har sett problema kome.

- Eg vil tru at det vert ein nedgang i talet på lærlingplassar på mellom 10 og 20 prosenti byggebransjen, seier han.

Klock seier bransjen gjerne strekkjer seg for ungdommane.

- Dei signala eg har fått frå bransjen og bedriftene er at dei strekkjer seg svært langt for å ta inn lærlingar og rekruttere nye arbeidarar. Det er ikkje snakk om manglande vilje, men manglande evne.

Oppmodar til langsiktig tenking

Møre og Romsdal fylke oppmodar næringslivet og offentleg sektor til å tenke langsiktig når det gjeld behov for rekruttering og kompetanse framover.

-Dei bør nytte lærlingordninga sjølv om vi har økonomiske nedgangstider. Når oppgangen kjem vil det igjen vere kamp om ungdomen, og då vil dei som har sikra jamn rekruttering, ha den beste tilgangen på fagarbeidarar, seier Anita Steinbru.