NRK Meny
Normal

Alle får ikkje fiske

Sidan midnatt har mange ivrige fiskarar stått på elvebreiddene i håp om å få årets første og kanskje største laks på kroken. I den kjende lakseelva Rauma får berre dei erfarne fiskarane sleppe til.

Det er ikkje alle som får fiske i Rauma. No skal nemleg laksestammen byggast opp att.

– Det er overvakingsfiske. Hensikta med det er at me skal kunne ta ut dei fiskane som ikkje er ønska i vassdraget, seier kleppar Vidar Skiri.

– Det er altså feilvandra laks og oppdrettslaks, legg han til.

Vil få bukt med lakseparasitt

For 30 år sidan blei elva Rauma invadert av den frykta lakseparasitten gyrodactylus salaris. For å få bukt med parasitten er elva behandla med gifta rotenon, og siste runde var i fjor og året før.

No skal stammen byggast opp att, og laks større enn 90 centimeter må settast uskadd ut i elva igjen.

– Dermed er det dei erfarne fiskarane som er med på dette, seier Skiri.

Mogeleg friskmeldt i 2020

Hilde Gråberg Bakke

Hilde Gråberg Bakke er reiselivssjef i Rauma og meiner det er mykje å hente for reiselivet når laksestammen i Rauma er bygd opp att.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Som ei av dei mest kjende og beste lakseelvane i landet, blei Rauma i over 100 år flittig brukt av både lordar og kongar. No gler Reiselivet seg til at laksefisket i Rauma på nytt kan få ei stordomstid.

– Her er det mykje å hente, både på overnatting, matservering, og ikkje minst på elva og inntekter der, seier Hilde Gråberg Bakke som er reiselivssjef i Rauma.

Går oppbygginga av laksestammen i Rauma bra, er det von i hengande snøre for alle fiskarar, både erfarne og uerfarne.

– Då kan det ligge an til ei friskmelding i år 2020, seier Skiri.