Ordninga har til no berre vore for fiskarane i Finnmark, Troms og Sogn og Fjordane.
Eit fleirtal på Stortinget sørgjer no for at ordninga vert utvida.
Uakseptabelt

Stortingsrepresentant Lodve Solholm(FrP)
Fiskeripolitisk talsmann i Framstegspartiet, Lodve Solholm, meiner det var heilt uakseptabelt å berre la ordninga gjelde nokre fylke.
Saman med AP, SV og Senterpartiet har Frp no sikra fleirtal på stortinget om å la ordninga gjelde alle landets fiskarar.
Ordninga går ut på at fiskarane kan byte til seg kvotar dersom ein fiskar ønskjer å gjere noko anna enn å fiske eitt år så kan han til dømes leige vekk kvoten sin til ein annan, for så å få den tilbake neste år.
Neppe færre båtar
Det overordna målet til styresmaktene er å redusere talet på båtar, men det vil ikkje vere ein naturleg konsekvens av denne ordninga.
Sunnmøre og Romsdal Fiskarlag synest det både er rett og rimeleg at ordninga skal gjelde heile landet, men rådgjevar Geir Ervik trur ikkje at talet på båtar blir redusert.