Nokre meter frå land ved Åse reinseanlegg har det samla seg ei stor mengde fuglar. Dei har fått ferten av at kloakk frå rundt 20 000 personar renn ureinsa ut i fjorden.
Sidan helga har reinseanlegget vore ut av drift. Alarmen gjekk frå nabobedrifta laurdag kveld, då stoffet polystyren blei sleppt ut på avløpsnettet. Kjemikalien har klistra seg som tyggegummi til filtra i reinseanlegget.
– Den mest alvorlege konsekvensen er utslepp av ureinsa avløpsvatn, seier Arve Olav Bang som er verksemdsleiar for vatn og avløp i Ålesund kommune.
Dei jobbar no på spreng for å spyle og reingjere leidningsnettet og reinseanlegget. Det var Sunnmørsposten som skreiv om saka først.
Eit dykkarfirma gjer seg klar til å inspisere reinseanlegget.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKGår gjennom rutinane
Bedrifta Sunde produserer polystyren, som blir brukt i blant anna isolasjon og emballasje.
– Det er sjølvsagt uheldig at reinseanlegget er ute av drift og kloakk går ureinsa til sjø. Vi går gjennom rutinane våre og utstyr for å sikre at dette ikkje skal skje igjen, seier direktør Rolf Fagervoll.
Det er usikkert kor mykje polystyrenmasse som har kome inn i reinseanlegget, men det kan vere om lag 25 kilo.
Bedrifta Sunde oppdaga seint laurdag kveld at ekspanderbar polystyren kom over i avløpssystemet.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKSvært uvanleg
Miljødirektoratet ser alvorleg på saka og krev no svar på korleis dette kunne skje.
– Dette er eit eksepsjonelt tilfelle. I alle mine år har eg ikkje høyrt at ei bedrift har greidd å sette eit kommunalt reinseanlegg fullstendig ut av drift, seier Harald Sørby. Han er seksjonsleiar i Miljødirektoratet.
Dei prøver no å finne årsaka til det som skjedde, og om det var eit uhell eller om det er ein systemfeil.
Harald Sørby i Miljødirektoratet seier at dei no skal finne ut kvifor det skjedde.
Foto: Dag Aasdalen / NRK– At ei bedrift sender utslepp i eit kommunalt reinseanlegg er ein avtale mellom kommunen og den enkelte bedrift. Då må dei finne ut om det er hensiktsmessig og forsvarleg, seier Sørby.
Også Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ser alvorleg på saka.
Linda Aaram i miljøvernavdelinga seier at tidspunktet det skjedde på er uheldig, fordi det føregår fiske i Borgundfjorden.
– Det viktige no er at kommunen får reparert skadane så fort som mogleg. I etterkant må ein undersøke kva konsekvensar dette har fått for miljøet, seier Aaram.
Fiskeridirektoratet er også varsla. Dei seier at Borgundfjordfisket ikkje er skikkeleg i gang før i mars.
Frarår fiske og bading
Ålesund kommune seier at dei er i løpande dialog med kommunelegen og at dei vil ta regelmessige vassprøver for å overvake forureininga.
– Vi åtvarar mot bading og fiske eller fangst av fisk og skaldyr i sona rundt Åse reinseanlegg til prøvene viser gode resultat, seier Arve Olav Bang. Kystverket er varsla om hendinga.
Bang håper at anlegget skal vere oppe og gå igjen neste veke.
Ålesund kommune håper at reinseanlegget skal vere i drift att neste veke.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK