Hopp til innhold

Ålesundtunnelane stengt for tredje gong i dag

Ellingsøy- og Valderøytunnelen i Ålesund vart stengt fleire gongar i løpet av ei kort tid måndag ettermiddag.

Ålesuntunnelane stengt

Ålesundtunnelane vart stengt fleire gongar i løpet av måndag ettermiddag.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ålesundtunnelane vart først stengt i 14.30-tida etter at ein bil fekk motorproblem i Valderøytunnelen.

– Det er klart det er uheldig når tunnelane må stenge så mange gongar med kort mellomrom, men nokre gongar er det rett og slett uunngåeleg, seier Kenneth Sætre, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Stengt tre gongar

I 17.45-tida måndag måtte Ålesundtunnelane stenge for tredje gong etter at politiet fekk melding om ein bil som lagde vanskar i Ellingsøytunnelen.

Laster Twitter-innhold

Då var det berre 20 minutt sidan Ellingsøytunnelen igjen hadde opna etter at ein bil fekk motorstans i tunnelen like etter klokka 16.00.

– I slike tilfelle blir vi nøydd til å stenge tunnelen for å unngå større ulukker. Dersom bilane står på ein av dei oversiktleg plass i tunnelen kan vi vurdere å halde tunnelen open, men når bilane står på dei uoversiktlege stadane i tunnelen, så har vi ikkje noko val, seier Sætre.

– Vi prøvar å opne tunnelane så fort som råd, men det viktigaste er at tryggleiken er på plass, held han fram.

Unødvendig biltrøbbel og tom tank er oftast grunnen til at det blinkar raudt i inngangen til Ålesundtunnelane.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL