Hopp til innhold

Tollarane fann 30 000 sigarettar i vogntog

Tollarane fann sigarettar til ein verdi av 99 000 kroner i eit utanlandsk vogntog.

Tollvesenet fann 30 000 sigarettar i utanlandsk vogntog

Tollarane fann 30 000 sigarettar inne i vogntoget.

Foto: Tollvesenet

Den 43 år gamle litauiske sjåføren gjorde eit forsøk på å smugle 30 000 sigarettar. Men det gjekk ikkje heilt som planlagd, og måtte ut med 15 000 kroner for å dekke bota han fekk servert av politiet.

Tollarane var på veg tilbake til Ålesund frå Årø lufthamn Molde då dei bestemde seg for å ta ein dieselkontroll av eit litauisk registrert vogntog på Ørskogfjellet 8. mai.

Det var ikkje avgiftsfri diesel på tanken, skriv Tollvesenet på sine sider, men på hengaren fann dei fleire svarte plastsekkar med sigarettar.

Det var smp.no som først omtalte saka.

Tollarane fann 150 kartongar med totalt 30 000 sigarettar i vogntoget. Sigarettane utgjer 99 000 kroner i ikkje betalte avgifter til statskassa.