NRK Meny
Normal

Ålesundstunnelane skal oppgraderast

Få år etter førre oppgradering skal Valderøytunnelen og Ellingsøytunnelen utanfor Ålesund oppgraderast for å fylle tryggingskrav frå EU.

Ellingsøytunnelen

VIKTIGE NAUDTELEFONAR: Arnfinn Løvik fortel at det er viktig å nytte seg av dei fastmonterte naudtelefonane og ikkje mobiltelefon.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Valderøytunnelen og Ellingsøytunnelen utanfor Ålesund skal oppgraderast før 2019 for å fylle tryggingskrav frå EU. Fungerande seksjonsleiar for Statens vegvesen si vegavdeling i Møre og Romsdal, Arnfinn Løvik, fortel at sikkerheita i dei fleste undersjøiske tunnelane i fylket er god nok.

Arnfinn Løvik

ungerande seksjonsleiar for Statens vegvesen si vegavdeling i Møre og Romsdal, Arnfinn Løvik, seier at Ålesundstunnelane ikkje er dårlege, men dei treng ei oppgradering.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det er relativt nye undersjøiske tunnelar vi har i Møre og Romsdal. Valderøytunnelen og Ellingsøytunnelen vart rusta opp for nokre få år sidan, så dei er ikkje så dårlege. Grunnen til at dei skal utbetrast no er at då vi rusta opp dei førre gang følgde vi det regelverket som gjaldt den gongen. No har trafikken auka ein del og krava til sikkerheit aukar saman med trafikkmengda.

Tekniske problem

Faren for brann er, ifølge ei risikoanalyse frå DSB, større i undersjøiske tunnelar enn i andre tunnelar. Annakvart år øver naudetatane på tunnelbrann.

– Av og til finn vi noko teknisk som ikkje er oppe og går, som oftast har vi hatt kommunikasjonsproblem under slike øvingar. Men det har blitt betre etter at det nye naudnettet vart tatt i bruk, seier Løvik.

Viktige naudtelefonar

Tunnelbrannen i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger onsdag, viser kor viktig det er å handle raskt. I etterkant har føraren av vogntoget fått skryt frå fleire hald for måten han handterte situasjonen på. Løvik seier at det å bruke naudtelefon i staden for mobiltelefon er viktig.

– Naudtelefonane er der for at folk skal kunne varsle i kva tunnel og kvar i tunnelen dei er.