Ei ny forskrift opnar for at private selskap kan få konsesjon til å frakte passasjerar sjøvegen. Endringa kan bli vedtatt seinare i haust, seier hamnefogd i Ålesund, Birger Flem.
– Svært interessant
I dag er Ålesundstunnelane det einaste alternativet for dei som vil ut på Valderøya, Vigra og Godøya utanfor Ålesund. Men etter at hamnene i Ålesund, Giske, Haram og Sula slo seg saman, blir det no opna for at hamnedistriktet skal overta oppgåva som fylket hittil har hatt med å gje konsesjonar for passasjertrafikk.
Tanken om å starte hurtigbåtrute mellom Ålesund og øyene rundt er svært interessant, seier Per Olav Molvær i Cruiseservice i Langevåg. Han ser fram til ei regelendring.
Ålesundstunnelane kan misse inntekt
Det paradoksale i dag er at det går hurtigbåt mellom Ålesund, Valderøy og Hareid. Men MRF har ikkje lov til å la passasjerar frå Ålesund stige av på Valderøy og omvendt. Årsaka er at det vil gi svikt i inntektsgrunnlaget til Ålesundstunnellane. Det kan det no altså bli slutt på