Swedwood er en viktig leverandør av møblar og interiørprodukt i tre til IKEA.
Salssjef for drift i Informatikk i Ålesund, Christian Pritchard, seier avtalen er unik for Ålesund-selskapet.
Det svenske IKEA eigde selskapet Swedwood har 13.500 tilsette og ei årleg omsetning på om lag åtte milliardar kroner.
Selskapet har produksjon døgnet rundt og krev difor full drift heile året.
-Avtalen går over tre år og har ein verdi på mellom fire og fem millionar kroner som kan aukast, seier Pritchard.
Ifølgje Pritchard kan avtalen føre til at dei må auke bemanninga i Ålesund.