NRK Meny
Normal

Ålesundspolitikarane får orientering om mogleg korrupsjonssak

Kontrollutvalet lovar at politikarane i Ålesund i ettermiddag skal få orientering frå A til Å om kva dei har funne ut om det som har skjedd ved avfallsanlegget Bingsa.

Ålesund rådhus

Når dei folkevalde samlar seg tilbystyremøte i Ålesund rådhus i ettermiddag, blir det eit djupdykk i saka rundt avfallsanlegget Bingsa.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Det er kontrollutvalet ved leiar Torgrim Bjørkedal Finnes, som klokka 17 i ettermiddag legg fram den omfattande saka om avfallsanlegget Bingsa i Ålesund. Utvalet har i lengre tid kikka forhold rundt Bingsa i korta, og kommunerevisjonen har avdekt ei rekke kritikkverdige forhold ved anleggsdrifta dei siste åra.

Politiet har opna korrupsjonsetterforsking etter at kommunen sjølv melde moglege straffbare forhold ved avfallsanlegget til politiet.

Det er teamleiar ved Bingsa, Per Oskar Slinning, kommunen har meldt til politiet med mistanke om mogleg korrupsjon. Dette har ei strafferamme på inntil tre års fengsel.

Politiet ser ikkje bort frå at Økokrim kan bli kopla inn i saka etter kvart.

Spanande møte

Både dei 49 bystyrerepresentantane og leiaren i kontrollutvalet går på møtet med spaning etter at saka har rulla både internt i kommunen og i media denne våren.

Torgrim B. Finnes

Torgrim Bjørkedal Finnes i kontrollutvalet har hatt mange møte rundt Bingsa-saka.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

– Ja, det blir ei spanande sak og eit spanande møte, seier Torgrim Bjørkedal Finnes i kontrollutvalet.

Orienteringa hans blir munnleg, og det ligg ikkje til kontrollutvalet å kome med noko framlegg til vedtak eller vidare handsamling av saka. Det blir noko politikarane sjølve må ta stilling til.

Det er rekna med at det etter orienteringa blir debatt i saka, og at politikarane også kjem til å stille spørsmål til kontrollutvalet.

Tore Johan Øvstebø (KrF)

Varaordførar Tore Johan Øvstebø (Krf) reknar med at det kjem til å bli sett fram forslag tilkorleis politikarane skal handtere Bingsa-saka vidare på bystyremøtet i kveld.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg har høyrt at fleire politikarar vurderer å kome med framlegg til vedtak i saka. Og truleg blir det sett fram både eitt og to forslag til vedtak, seier varaordførar Tore Johan Øvstebø ( Krf ) til NRK.

Kva framlegga kjem til å gå ut på, veit ingen enno. Ei heller om nokon av dei eventuelt blir vedtekne. Dette er ei sak der mykje skjer utanfor bystyresalen utover ettermiddagen

NRK kjem tilbake med meir om saka etter at bystyret har opna dørene klokka 17.