Hopp til innhold

Ålesundsmann sakna etter bombeåtak

Ein mann i 30-åra frå Ålesund er sakna etter bombeåtaket på regjeringskvartalet fredag ettermiddag.

Regjeringskvartalet etter bomben

Det vert framleis søkt etter sakna i Regjeringskvartalet.

Foto: Berit Roald/SCANPIX

Leiar i krisegruppa i Ålesund kommune stadfestar overfor NRK at ein Ålesundsmann er blant dei sakna etter bombinga i regjeringskvartalet fredag.

- Vi i krisegruppa har kontakt med dei pårørande og følgjer dei opp. Dei har fått telefonnummeret mitt og veit dei kan ringe, seier Askim.

Mannen er busett i Oslo, arbeidde for eit av departementa og var på arbeid då bombinga skjedde.

Etter åtaket i Oslo er 30 personar til behandling på sjukehus. 9 til 10 av desse vert omtala som hardt skadde, opplyser politiet.

Leitar framleis etter omkomne

Politiet letar framleis etter sakna i regjeringskvartalet i Oslo og i Tyrifjorden.

– Vi leitar framleis etter sakna i regjeringskvartalet. Søket etter sakna i Tyrifjorden held også fram heilt til vi er heilt sikre på at det ikkje er fleire døde i fjorden, seier visepolitimeister i Oslo, Sveinung Sponheim på ein pressekonferanske klokka 10 i dag.

Politiet veit ikkje kor mange sakna dei leitar etter i Oslo, men det skal ikkje vere snakk om mange personar.

– Vi leitar framleis etter omkomne i regjeringskvartalet, seier Sponheim.