Hopp til innhold

Ålesundskvinne på flukt frå barnevernet i kyrkjeasyl i Spjelkavik

Ei kvinne frå Ålesund, og dotter hennar, har søkt kyrkjeasyl i Spjelkavik kyrkje. Barnevernet skulle fullbyrde vedtaket om å sende dotter hennar ut av landet.

Spjelkavik kirke

Spjelkavik kyrkje på Moa i Ålesund.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det er VG som melder dette søndag kveld.

Ifølgje VG troppa barnevernet og den utanlandske barnefaren opp på skulen og henta dei to sønene hennar alt i byrjinga av februar. I dag veit ikkje kvinna kvar barna er.

Til VG opplyser ho at ho hadde henta dottera si ein time før ho fekk beskjed om å kome til eit møte med barnevernet. I staden for å gå til dette møtet, valde ho å oppsøkje Spjelkavik kyrkje 13. februar.

Leiar i Spjelkavik sokneråd, Ketil Hjelset, seier at kyrkja ikkje har teke stilling til sjølve saka, men at kyrkja er open for alle.

Rektor ved Sykkylven ungdomsskule, Ketil Hjelset

Ketil Hjelset er leiar i soknerådet i Spjelkavik.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Det vi har gjort er at vi har teke imot eit menneske i naud, seier han til NRK.

– Vi har fått inn gjennom døra i kyrkja vår ei kvinne som er i ein svært vanskeleg situasjon. Ho er redd for at barnevernet skal ta barnet frå henne. Ho har spurt om å få beskyttelse i kyrkja, og det har ho fått, seier Hjelset vidare.

Hjelset seier det er eit reint ønskje om å kunne hjelpe eit menneske i naud som er bakgrunnen for at kvinna har fått lov til å opphalde seg i kyrkja saman med barnet sitt.

Det er ein tradisjon for kyrkjeasyl, og politimeisteren seier han vil respektere dette, seier Hjelset.

Dei siste tiåra har det frå tid til anna vore ein del kyrkjeasylantar i norske kyrkjer. Dette har ofte vore asylsøkjarar som har stått i fare for å bli sende ut av landet. Kjetil Hjelset kjenner ikkje til at denne typen barnevernssaker har ført til at nokon har vald å gå i kyrkjeasyl tidlegare.

– Dette har vel kanskje ikkje skjedd før. Og vi i kyrkja kan ikkje ta stilling til sjølve saka. Vi berre møter ei kvinne som har eit desperat behov. Vi har sagt til henne at ho kan vere hjå oss. Så får vi vone at det blir ei avklaring på ein eller annan måte, seier Hjelset.

NRK følgjer opp saka. Søndag kveld har NRK ikkje vore i kontakt med Barnevernet i Ålesund eller advokaten til kvinna.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL