Hopp til innhold

Skulle på veggen til Girl in Red – blei platecover i staden

Marie «Girl in Red» Ulven ville ha måleriet til ålesundskunstnaren på veggen. I staden blei det spreidd verda rundt.

Bildet på debutplata til Girl In Red. Av kunstner Fredrik Wiig Sørensen frå Ålesund.

RAUD HETTEGENSER: Måleriet av ein person i raud hettegenser fanga merksemda til artisten «Girl in Red». Ho likte det så godt at ho valde å bruke det på coveret til debutplata si. Sørensen fortel at han måtte blande fleire nyansar av raudt for å få denne raudfargen.

Foto: Fredrik Wiig Sørensen

– Det er litt uverkeleg. Eg greier ikkje heilt å ta det innover meg for alt skjer jo på nett, men då eg såg coveret bli vist fram på Jimmy Fallon så skjønte eg at det var store greier, seier kunstnar Fredrik Wiig Sørensen frå Ålesund.

Marie Ulven (22), kjent som «Girl in Red», gjorde braksuksess i 2018 då ho vann årets Urørt. Sidan har ho fått millionar av fans verda over.

Nyleg blei ho nemnd som eit av dei mest lovande, unge talenta i lista «Forbes 30 Under 30 Europe 2021 Entertainment List». Før helga kom debutplata «If I Could Make It Go Quiet». På coveret kan ein sjå ein person kledd i raud hettegenser, omgitt av blomster.

– Det såg ut som eit portrett av meg

Til Vulture fortel Ulven at ho raskt fall for måleriet.

Girl in Red.

RAUD HETTEGENSER: Marie Ulven fortel at ho kjente seg igjen i måleriet første gong ho såg det på Instagram.

Foto: Jonathan Kise

– Eg elska det. Det såg ut som eit portrett av meg i ein hettegenser. Det hadde også ei sinnsstemning som eg kjenner meg igjen i, seier ho.

Måleriet kom artisten over på Instagram-profilen til Sørensen.

– Eg bruker å legge ut bilda mine på Instagram når eg er fornøgd med dei. Ein dag fekk eg plutseleg ein ny følgar, og så var det ho. Eg visste jo litt kven ho var, men etter å ha forhøyrt meg litt fann eg fort ut at dette var stort, fortel han.

Dei to kom etter kvart i kontakt og snakka om kunsten. Artisten var sjølv i Bergen, der Sørensen bur, for å spele inn debutplata si.

Fredrik Wiig Sørensen

Kunstnar Fredrik Wiig Sørensen synest der er stas at Marie Ulven ville bruke måleriet hans på debutplata si.

Foto: Eirik Havnes

– Ho var gira på måleriet og ville kjøpe det, så ho kom innom for å sjå på det. Det var svært hyggeleg, fortel han.

Og det viste seg at Ulven likte måleriet så godt at ho også ville bruke det på debutplata. Etter ei stund tikka det inn ein SMS til Sørensen frå manageren hennar om at han ville diskutere måleriet og moglegheita for å bruke det som platecover.

– Eg synest ho står for ekstremt mykje bra og det er stas å få vere ein del av det, seier Sørensen.

Kunstnaren vil ikkje seie kva som var inspirasjonen til måleriet, og synest at det kan vere opent for tolking.

– No er det på ein måte ho som representerer det bildet, seier han.

Spreidd verda rundt

Dag Inge Fjeld har lang erfaring med marknadsføring og underviser i temaet ved Høgskolen Kristiania. Han seier det er for tidleg å seie kva effekt det har for kunstnaren at måleriet hans no når ut til hele verda, men at det kan få positive ringverknadar.

Høgskulelektor Dag Inge Fjeld ved Høyskolen Kristiania.

Dag Inge Fjeld seier det kan vere positivt for kunstnaren at artisten «Girl in Red» har brukt hans måleri på plata si.

– Han kjem i alle fall på radaren til veldig mange og det kan få folk til å opne opp auga for han og kunsten hans, seier Fjeld.

Han viser mellom anna til den britiske grafikaren Derek Riggs som laga fleire av platecovera til Iron Maiden. Også dette starta i det små, men blei etter kvart ei fast greie, ein slags teikneserieføljetong.

– «Girl in Red» er det nye tilskotet i artistkategorien der Aurora og Billie Eilish gjer det stort. Desse artistane blir følgt tett og tolka djupt av fansen. Platecovera blir tenkt på som ein vesentleg del av bodskapen. På den måten kan ein talentfull kunstnar få ein parallell karriere, seier Fjeld.

– Uansett kjem kunstnaren inn på radaren for andre artistar, illustratørar, designarar og liknande. Management og agentar har ei god oversikt over talent og «det nye spennande», held han fram.

Einaste eksemplaret

Sørensen har allereie merka interessa frå fansa til «Girl in Red».

– Dei har eg høyrt mykje frå. Dei lagar også eigne versjonar av måleriet mitt som dei legg ut. Ei har til og med laga ein video på YouTube der ho prøver å male det.

Kunstnaren fortel at måleriet som Ulven har kjøpt, og som prydar coveret, er det einaste eksemplaret som finst.

– Eg kjem i alle fall aldri til å lage ein reproduksjon av det, seier han.