Hopp til innhold

Ålesundar i 80-åra frikjend for aktlaust bildrap etter dødsulykke

Ein 83 år gamal ålesundsmann er frikjent for aktlaust bildrap etter ei dødsulykke på Lesja i fjor sommar. Retten meiner mannen ikkje kan klandrast for å ha hatt "blackout".

Trafikkulykke på Lesja

Dermed var det ein frikjent mann som forlèt rettssalen i Lesja tidlegare denne månaden.

Retten trur mannen på at han truleg har vore borte ein augneblink, utan forvarsel, og utan å vite om det. Sidan han er ein trent sjåfør, tok pausar og ikkje var trøytt, meiner Nord-Gudbrandsdal tingrett at han ikkje kan lastast.

For eit lite år sidan sat aktørane i Sunnmøre tingrett klare til å høyre mannen forklare kva som skjedde, i ei såkalla tilståingssak. Men det blei ingenting av.

Les også:

Ba om full rettssak

Erling Flisnes

Advokat Erling Flisnes ville ha full rettsak etter dødsulykka i Gudbransdalen i fjor sommar. No er klienten hans frifunnen.

Foto: Synnøve Hole

Mannen skal i forkant av saka ha vedgått dei faktiske forhold, men varsla om at han ønskte ei full rettsleg behandling av saka.

– Vi ønskjer no ei meir betryggande behandling av saka, og meiner ho ikkje er eigna som tilståingssak, sa mannen sin advokat, Erling Flisnes, den gongen.

Forstår ikkje kva som skjedde

I dommen, som først blei omtalt av Sunnmørsposten, kjem det fram at mannen kom køyrande saman med kona si nordover Gudbransdalen om ettermiddagen måndag 24. juni i fjor.

– Tiltalte kan ikkje forstå kva som skjedde. Han må ha fått eit lite blackout eller duppa av ein augneblink. Han kjende ikkje teikn til å vere trøytt under køyreturen, heller ikkje i forkant av ulykka, og han kjende seg ikkje uvel, heiter det i dommen.

Køyrde utan uhell i 65 år

Mannen har hatt førarkort i 65 år, er tidlegare yrkessjåfør og ikkje vore ute for uhell. Årleg tilbakelegg han om lag 25 000 kilometer. Denne junidagen var han og kona på veg heim frå besøk på Austlandet. Mannen kjende seg i god form, dei hadde god tid heim, det var tørr vegbane og god sikt.

I 60-sona ved Lora køyrer bilen over i feil køyrefelt, og kolliderer med bilen som kjem i mot. I bilen sit fire personar, kvinna i baksetet døyr etter kort tid. Nokre dagar seinare døyr også den andre mannen i baksetet, utan at retten kan slå fast at dødsfallet har med ulykka å gjere.

Vil betale erstatning uansett

Aktor bad om fengsel på vilkår i 120 dagar, tap av førarrett i fire år og erstatning på 78 350 kroner. Dette fekk han ikkje medhald for i retten. Mannen sa likevel, under rettssaka, at han uansett vil betale erstatning til dottera og ektemannen til paret som omkom etter ulykka.