Hopp til innhold

Ålesundar frifunnen for bildrap

Ein ålesundar i 80-åra er frikjent for aktlaust bildrap etter ei dødsulykke på Lesja i fjor sommar, skriv Sunnmørsposten. Mannen frontkolliderte i ei 60-sone, og ei eldre kvinne frå Trøndelag som sat i den andre bilen, omkom. Nokre dagar etter døydde også mannen hennar, men det er ikkje slått fast at dødsfallet var ein konsekvens av ulykka.Retten meiner den frikjende bilisten kom over i feil køyrefelt, og legg til grunn at han kan ha duppa av, utan at han kan lastast for dette.