Hopp til innhold

Vil ha 400.000 kroner for arbeidet med akuttmottaket

Ålesund kommune har søkt om kompensasjon for det arbeidet dei har lagt ned for å starte akuttmottak i storhallen – sjølv om planane om mottak no er lagt på is.

Astrid Eidsvik

VIL HA DEKT UTGIFTER: Sidan UDI trekte seg frå planane er grunnen til at kommunen skal få kompensasjon endå større, meiner rådmann Astrid Eidsvik.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Allereie før kommunen fekk vite at UDI trakk seg frå avtalen om å starte eit akuttmottak for flyktningar i storhallen på Volsdalsberga søkte dei om å få skjønnsmidlar for å dekke utgiftene sine.

Kommunen la inn søknad hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal om å få i underkant av 400.000 kroner før 1. desember, då søknadsfristen gjekk ut. Rådmann Astrid Eidsvik fortel at dei ønskjer å bli kompensert for arbeidet dei har gjort.

– Det er klart at no når det ikkje vert noko av dette akuttmottaket er det enda større grunn til at Ålesund kommune skal få kompensasjon, seier rådmannen.

Fylkesmannen opplyser at dette er pengar som skal til kommunar som har gjort eit ekstra arbeid knytt til flyktningsituasjonen.

Det er kostnadar knytt til personale som har hogd mest inn i budsjettet.

– Vi har brukt mykje tid og ressursar knytt til våre tilsette i dette arbeidet, seier Eidsvik.

– Rett og rimeleg

Eva Vinje Aurdal

Ordførar Eva Vinje Aurdal seier at kommunen heile tida har gjort det som UDI har ønska – og ønskjer kompensasjon for planarbeidet med akuttmottaket.

Foto: Terje Reite / NRK

Ordføraren i kommunen, Eva Vinje Aurdal, seier til NRK at det er rett og rimeleg at kommunen får fakturere for dei timane som er brukt.

– Det viktige er at Ålesund kommune har handla i tråd med UDI og Fylkesmannen sine ønske. Vi har ikkje bestemt noko aleine utan at dei har stått bak. Vi har heile tida gjort det som har vore ønska av oss, seier Aurdal

Ordføraren understrekar at dette ikkje er eit krav om å få dekt sine utgifter, men at dei har søkt om midlar som Kommunal- og moderniseringsdepartementet via Fylkesmannen har lyst ut til alle kommunane som har hatt slike utgifter.

Kan få pengar på konto raskt

– Det er pengar som kan gå til ekstraordinære utgifter som kommunane har hatt til flyktningar, seier økonomirådgjevar ved Fylkesmannen, Martin Gjendem Mortensen.

Martin Gjendem Mortensen

Økonomirådgjevar Martin Gjendem Mortensen hos fylkesmannen

Foto: Vidar Myklebust / Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Han seier at dei leverer søknadane vidare til departementet, og at det er dei som etter kvart tar avgjerda om kommunen fell innanfor kriteria eller ikkje.

Og det kan gå kjapt. Allereie i midten av desember kan kommunane som får innvilga kompensasjon ha pengane på konto.

– Vi har spelt søknaden frå Ålesund kommune inn til departementet med dei kostnadane dei sende oss. No er det opp til departementet om dei blir kompensert eller ei, seier Mortensen.