Hopp til innhold

Ålesund og nabokommunane innfører strenge tiltak for å slå ned smitteutbrot

Over 40 personar er smitta i Ålesund dei siste dagane. Ålesund og nabokommunane stenger treningssentera og innfører skjenkestopp.

Brosundet i Ålesund

Ålesund, Sula og Giske kommune innfører ei lokal forskrift frå midnatt 26. april for å slå ned smitteutbrotet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sidan torsdag har over 40 testa positivt for korona i Ålesund. Dei fleste smittetilfella er relatert til to restaurantar.

I dag hadde kommunen krisemøte for å stanse utbrotet. Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) er bekymra.

– Det er den mest alvorlege situasjonen vi har vore i fram til no, seier Aurdal. Ho ber innbyggjarane om å ikkje slurve med smittevernet.

Eva Vinje Aurdal

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) er bekymra over utviklinga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Stenger treningssenter og aktivitetsparkar

Ålesund, Sula og Giske innfører no ei strengare lokal forskrift som gjeld frå midnatt 26. april og fram til midnatt 9. mai.

Dette inneber stenging av blant anna treningssenter og aktivitetsparkar, saman med skjenkestopp på alkohol, og forbod mot arrangement.

Det er plikt til å bruke munnbind på til dømes butikkar når det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand. Det er også påbod om heimekontor. NTNU i Ålesund skal ha digital undervisning.

Maks to gjestar

Kommunane tilrår maks to gjestar på besøk heime og maks ti nærkontaktar i veka. Ein oppmodar også om å unngå unødige reiser.

– Dette er strenge tiltak. Følgjer vi desse trur vi at i løpet av 14 dagars periode skal kunne klare å slå ned smitteutbrotet, seier Aurdal.

Kommunen har vore i dialog med FHI og Statsforvaltaren som ikkje tilrår å sette skolar og barnehagar på raudt nivå som eit førebyggande tiltak. Det blir i staden tiltak på skular der det oppstår smitte.

Russefeiringa blir flytta

Forbodet mot arrangement gjeld også russane. Kommunen er i dialog med russepresidentane og har kome fram til at ein skal flytte russefeiringa til 15. juni, dersom ikkje smittesituasjonen tilseier noko anna.

Etter planen skulle russane i Ålesund, Giske og Sula starte feiringa 1. juni.

Smitte frå to utestader

Kommuneoverlege Olav Mestad seier at minst 35 personar er smitta frå to restaurantar. Det var fint ver 17. og 18. april og svært mange var samla på utestadane. Det har i etterkant vore vanskeleg å få oversikt og varsla dei som var på dei to restaurantane.

– Smittesituasjon er uoversiktleg. Mange er i karantene. Det er nærkontaktar, skuleklassar, barnehagar og helseinstitusjonar, seier Mestad. Han har ikkje tal på kor mange som sit i karantene no.

Smittesyndebukk

Smittesporinga har vore krevjande med mange nærkontaktar. Det er også frivillig å registrere seg ved restaurantane og svært få har gjort det.

Restauranten Toldboden får kritikk frå gjestar som meiner smittevernreglane blei brotne. Ein gjest NRK har snakka med hevdar folk sat for tett, at dei gjekk mellom borda og at det var allsong.

Dagleg leiar Henrikke Røder avviser kritikken og meiner reglane har blitt følgt. Ho opplever at Toldboden har blitt smittesyndebukk. Halvparten av dei tilsette som var på jobb førre helg er smitta.

Kommunedirektør Astrid Eidsvik seier at dei vil samle inn opplysningar dei har fått om at smittevernet ikkje er følgt og aksjonere deretter når dei har fått oversikt.

Slurva med reglane

Ordførar Aurdal trur smitten skuldast at folk har hatt for lave skuldrer og slurva med smittevernreglane.

– Vi hadde møte med utelivsbransjen søndag og konklusjonen var at der er meir å gå på enkelte plassar i forhold til å ta smittevernet på alvor. Dessverre, seier Aurdal.

Ingen er så langt politimeld, den vurderinga blir tatt i etterkant.

Også før påske var det smitteutbrot i Ålesund. Då innførte kommunen påbod om munnbind, skjenkestans og heimekontor. Den lokale koronaforskrifta vart oppheva 13. april.

Ålesund, Sula og Giske kommune kallar inn til ein felles pressekonferanse måndag 26. april kl. 15.30. 
Kommunane innfører ei lokal forskrift frå midnatt 26. april og vil formidle dette i pressekonferansen. Sjå pressekonferansen her.

Ålesund, Sula og Giske kommune kallar inn til ein felles pressekonferanse måndag 26. april kl. 15.30. Kommunane innfører ei lokal forskrift frå midnatt 26. april og vil formidle dette i pressekonferansen. Sjå pressekonferansen her.