Hopp til innhold

Cupbomba small i Brattvåg

Få hadde vel venta at Aalesund skulle ryke ut av cupen mot andredivisjonslaget Brattvåg. Men. Det gjorde dei i dag, og cupbomba er eit faktum.

Spent stemning før kampen

Alt før kampen hang John Arne Riise med hovudet. Det er ingen grunn til å gjere noko anna no.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Eliteserielaget Ålesund skal ikkje spele fleire cupkampar i år. Det vart klinkande klart etter at andredivisjonslaget Brattvåg vann dagens cupkamp på Brattvåg stadion.

LES OGSÅ: Cupfiasko for Aalesund mot 2. divisjonslag

Rørt Brattvågtrenar

– Eg er rørt, som det heiter på svensk. Den arbeidsinnsatsen som spelarane legg ned er heilt enorm. Vi forstår at AaFK er betre trent enn oss, for dei spelar jo i tippeligaen, men vi gjer ein fantastisk jobb. Det er mykje kunnskap og klokskap i dette laget, seier ein entusiastisk Brattvågtrenar, Per Erik Gidlund

Mykje publikum møtte opp til cupkampen

Denne gjengen jubla ekstatisk då det vart klart at Brattvåg går vidare til fjerde runde i cupen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Får som fortent

Mustafa Abdellaoue er skuffa etter kampen og det hjelp lite no at det var han som utlikna til 1–1 fem minutt før dommaren bleis av 2. ekstraomgang.

– Ja, sjølvsagt er det surt. Vi hadde fleire sjansar og burde scora, men, nei, det er for dårleg, rett og slett, seier han

– Kvifor gjekk det slik?

– Eg veit ikkje heilt. Vi er ikkje heilt på, og då får vi som fortent, seier Mos.

Ikkje overraska

Fotballkommentator Arne Flatin er ikkje veldig overraska over dagens cupbombe:

Fotballkommentator Arne Flatin

Arne Flatin.

Foto: NRK

– Brattvåg har vore gode i cupen. Dei slo Hødd i andre runde, mens Ålesund har slite i cupen. Dei hangla seg berre så vidt vidare i dei to første rundane, seier Flatin.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL