Hopp til innhold

Ålesund tennisklubb kjøper tennishall

Ålesund tennisklubb har inngått ein avtale med Brødrene Jangaard AS om å kjøpe tennishallen på Hatlane. Det skriv klubben sjølv i ei pressemelding. Overtakinga skjedde i dag.

– Å eige vårt eige anlegg betyr at klubben får moglegheit til å gi eit betre treningstilbod for medlemmene og andre tennisinteresserte. I tillegg får vi eigne klubblokalitetar med kontor, lager og møterom, skriv Klubben.

Totalt får dei no fem baner, to ute og tre inne.

– Når bruken av desse fem banene blir optimalisert, vil vi kunne gi eit treningstilbod til langt fleire barn, unge og vaksne enn tidlegare.

Samtidig har Brødrene Jangaard kjøpt rettigheitene til hallnamnet i 20 år, og hallen får dermed namnet Jangaard tennisarena.

Ifølge Sunnmørsposten er salsprisen på hallen 22,4 millionar kroner.