Hopp til innhold

Dreiv ulovleg forsking på 82 psykiatriske pasientar – fleire kjende seg pressa til å delta

Pasientar skal ha blitt trua med å misse behandlingstilbodet dersom dei ikkje sa ja til eit omstridd medikament. No får både psykiateren og helseføretaket skarp kritikk.

Ketamin

Fleire pasientar skal ha vegra mot å ta imot sprøytene med ketamin. Andre skal ha vore så sjuke at dei ikkje var i stand til å svare på om dei ønskte det kontroversielle legemiddelet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ein rapport frå Statens helsetilsyn slår fast at ein psykiater og leiinga ved sjukehuset i Ålesund har brote lova på fleire punkt.

Ifølgje helsetilsynet gjekk ein overlege alt for langt i sin iver etter å skrive ut narkosemedisinen ketamin. Ei rekkje alvorleg sjuke pasientar blei del av det tilsynet definerer som eit forskingsprosjekt utan godkjenning.

  • Totalt 82 pasientar skal ha fått det omstridde legemiddelet ketamin utan at det var godkjent for bruk i psykiatrien
  • Pasientane var mellom 18 og 93 år gamle
  • Fleire skal ha kjent seg pressa til å seie ja
  • Kritiske pasientar skal ha blitt trua med å misse behandlingsplassen på psykiatrisk avdeling dersom dei sa nei
  • Ein pasient skal ha sagt nei, men likevel fått medikamentet
  • Fleire var så sjuke at dei ikkje i stand til å seie ja eller nei til den eksperimentelle behandlinga
  • Leiinga på sjukehuset visste om bruken av det omstridde middelet, men stoppa det ikkje før Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern slo alarm

Ketamin eit preparat som i små dosar kan ha effekt mot alvorleg depresjon og sjølvmordstankar. Det var tidlegare ikkje godkjent i psykiatrien. Likevel gav overlegen det til pasientane sine.

Ålesund sjukehus

82 pasientar som var innlagt på psykiatrisk avdeling i 2019 fekk injeksjonar med legemiddelet ketamin. Statens helsetilsyn slår fast at psykiateren som skreiv det ut, braut lova på fleire punkt

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det var Sunnmørsposten som omtalte saka først.

Skal ha kjent det som eit overgrep

Norske sjukehus brukar ketamin som narkosemiddel. Som bruk i psykiatrien er det omstridd. Fleire av dei alvorleg sjuke pasientane ville ikkje ha sprøyta som blei trekt opp til dei. Men i eit styringsnotat som psykiateren sjølv hadde laga, står det at pasientar som nektar, ikkje kan krevje å ha ein plass: «Pasienten må da skrives ut».

Fleire skal ha kjent seg pressa til å ta imot ketaminbehandlinga. I ei avviksmelding heiter det:

«Pasienten opplevde mye ubehag i form av numment ... svimmelhet ... og så rart lys, akkurat som om ... forsvant fra denne verden. I etterkant så beskriver ... seg som «lost» og lammet, og følte det hele som et overgrep».

Psykiateren fekk klarsignal frå leiinga til å bruke ketamin, og setje i gang eit forskingsprosjekt i 2019. Men prosjektet gjekk i vasken og fleire kollegaer trekte seg fordi dei ikkje syntest det var forsvarleg. Likevel trykte ikkje psykiateren på bremsen.

Pasient NN takket nei til behandling med ketamin, men NN ble likevel medisinert med legemiddelet ifølgje sykehusets oversendte liste

Statens helsetilsyn

Ketamin

Dei 82 pasientane som fekk ketamin var i alderen 18 til 93 år gamle.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Styrte etter eigne preferansar

Avgjerda frå Statens helsetilsyn teiknar eit bilde av svært sjuke pasientar som møtte ein eigenrådig psykiater som ikkje vegra seg for å ta i bruk utradisjonelle metodar og medikament.

Han blir skildra som ein som i stor grad gjorde som han sjølv meinte og som var lite lydhøyr for innspel frå andre:

« ... Legemiddelregimet er preget av dine personlige erfaringer og preferanser og er uten henvisninger til aktuelle nasjonale faglige retningslinjer eller anerkjente oppslagsverk som grunnlag for ditt behandlingsregime» skriv Statens helsetilsyn i sin konklusjon.

Sidan ketamin ikkje var godkjend for denne typen bruk slår Helsetilsynet fast at bruken var å rekne som eit forskingsprosjekt utan godkjenning. Berre på dette punktet braut psykiateren og sjukehusleiinga lova på fleire punkt:

«Bruddene på helseforskningslovens bestemmelser er så mange at det ikke lar seg gjøre å nevne alle, men vi slår fast at det foreligger alvorlige brudd på kravet til god og etisk forsvarlig helsefaglig forskning».

Slo alarm då dei oppdaga kva som skjedde

NRK har følgt granskinga til Statens helsetilsyn i lang tid. I fleire av dokumenta kjem det fram at fleire tilsette var svært kritiske til måten psykiateren gjekk fram på og forsøkte å stoppe han. Men leiinga tok ikkje affære.

Det skjedde først då Kontrollkommisjonen sloo alarm. Kommisjonen skal sikre at dei aller sjukaste i psykiatrien ikkje blir utsette for ulovleg makt og tvang.

– Dette er veldig uvanleg. Eg har aldri før sett ei slik sak, seier advokat Mette Ekroll Nyland.

Ho omtalar pasientgruppa som dei svakaste av dei svake, og meiner det er svært alvorleg å gje denne typen medisin til pasientar som ikkje er i stand til å svare på om dei ønskjer å få det. Ho strekar også under at kritikken først og fremst råkar leiinga ved sjukehuset og ikkje berre psykiateren.

I etterkant har ein type ketamin blitt godkjent i Noreg til bruk mot depresjon.

Mette Ekroll Nyland

Advokat Mette Ekroll Nyland er leiar i Kontrollkommisjonen for tvungen psykisk helsevern på Sunnmøre. Ho meiner kritikken frå Helsetilsynet først og fremst råkar leiinga ved sjukehuset i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

«Livreddande behandling i psykiatrien»

NRK har ikkje lukkast med å få nokon kommentar frå overlegen. Til Statens helsetilsyn har han forklart i rosande ordelag om effekten av ketamin. Han meiner at legemiddelet har hatt svært positiv effekt på alvorleg sinnslidande pasientar og omtalt ketamin som «livreddende behandling i psykiatrien».

Han er ikkje samd i kritikken frå Statens helsetilsyn.

Klinikksjef Ståle Hoff ved Helse Møre og Romsdal skriv i ein e-post at dei beklagar sterkt at noko slikt kunne skje.

Her skjedde det ein svikt i fleire ledd, og det er beklageleg at dette ikkje blei tatt tak i av ansvarleg leiing.

Ståle Hoff

Klinikksjef Ståle Hoff i Helse Møre og Romsdal beklagar det som skjedde og vedgår at leiinga ikkje gjorde det dei skulle.

Foto: Kristin Støylen

Avgrensa rett til å kunne vere lege

Statens helsetilsyn har tatt i bruk det sterkaste sanksjonsmiddelet dei har ved å ta frå psykiateren deler av autorisasjonen. No har legen mist retten til å skrive ut medisinar, og skal han halde fram som lege, må han arbeide under oppsyn. .

Ifølgje helseføretaket er han ikkje lenger i arbeid som lege.

Helse Møre og Romsdal får skarp kritikk for gjennomgåande svikt i leiinga og styringa for å få behandlinga inn i forsvarlege rammer eller stoppe den.

Hei!

Har du tips eller innspel om saka? Send meg gjerne ein epost!

Les også Stor interesse i Norge for omdiskutert behandling mot selvmordstanker

Behandlingsrom ved DPS-akutt Kalnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL