Miljøverndepartementet har gitt Riksantivaren i oppgåve å finne nye kadidatar til verdsarvlista, og Ålesund er ein av kandidatane.
Terje Devold
– Enorm verdi
Plassering på UNESCO si verdsarvliste vil få enorm verdi for marknadsføringa av heile Møre og Romsdal i turistsamanheng, ikkje minst fordi også Geiranger kan få ein slik status, seier reiselivssjef Terje Devold.
Devold seier han nesten får vatn i munnen berre ved tanken på at Ålesund kan få ein slik status.