Arve Tonning. Foto: NRK.
Arve Tonning jublar etter møtet der ordførarane på Sunnmøre blei samde om ei felles satsing på vegar. - Dette er heilt avgjerande, og det er første gang eg opplever ein slik unison samstemtheit mellom 19 kommunar, seier Tonning.
Vegar
Det er 17 kommunar på Sunnmøre og 2 i Romsdal som står bak planane om vegutbygging. Om planen blir realisert blir rekninga på milliardar kroner. Øvst på prioriteringslistene står mellom anna Kvivsvegen, Tresfjordbrua, Lerstadvegen og rassikring mellom Stranda og Hellesylt.
Posisjonere
Tonning meiner Sunnmøre må posisjonere seg, og trur dette fører til auka samarbeid på fleire område. - Fleire av dei som var på møtet framheva at Ålesund må utviklast til å bli eit landsdelssenter, seier Tonning.
Regionar
- Vi må posisjonere oss no for å få ei sentral rolle i ei framtidig regionsdanning i Noreg, seier Tonning. Det neste på agendaen kan vere å samle dei to regionråda på Sunnmøre til ei eining. - Eg har aldri opplevd noko tilsvarande før, og eg synest dette lovar godt for å ta fatt på andre område også, seier han. Sunnmøre bør også stå samla om næringspolitikk og vi må støtte kvarandre slik at regionen samla sett kan stå sterkare, seier han.
Lerstadvegen er ein del av vegpakken som dei 19 ordførarane går inn for.