Hopp til innhold

Ålesund kunstforeining flyttar inn i nye lokale

Kjell Holm-stiftinga kjøpar lokale og let Ålesund kunstforeininga flytte inn. Dermed flyttar kunstforeininga frå Parken kulturhus etter nesten 60 år i same lokale.

Håkon Raabe og Anne Standal

Anne Standal og Håkon Raabe i Ålesund kunstforeining er fornøgd med den nye avtalen med Stiftinga Kjell Holm.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Det offentleggjorde kunstforeininga under markeringa av Stiftinga Kjell Holms dag torsdag kveld.

Der vart det kjent at Stiftinga har kjøpt dei gamle Rema-lokala i Keiser Wilhelmsgate i Ålesund, og at kunstforeininga og stiftinga si målerisamling skal dele på lokalet der.

– Det blir på ein måte som å starte på nytt. Vi ser på dette som ei fantastisk utfordring og ei moglegheit til å utvikle foreininga vidare, seier intendant Anne Standal i Ålesund Kunstforeining.

Nye lokale

Håkon Raabe og Anne Standal

Anne Standal, intendant i Ålesund Kunstforeining, ser fram til å flytte inn i nye lokale.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Ålesunds kunstforeining bryt dermed ein årelang tradisjon og flytter frå det som har vore eit svært ettertrakta utstillingslokale i hjarte av Ålesund. Standal trur likevel ikkje at det blir eit problem.

– No står vi frie til å gjere akkurat det vi vil. Eg meiner at vi har vist oss som ein såpass profesjonell aktør opp igjennom åra, at det ikkje berre er sentral plassering som gjer at kunstnarar kjem til oss, seier ho.

Kunstforeininga får no plass til å vise delar av sitt faste galleri som i årevis har stått lagra, i tillegg til å drive ordinær kunstverksemd.

Meir stabil leigeordning

Når foreininga flytter, blir det også slutt på forpliktingar til å fungere som inngangsparti for resten av kulturhuset, som har vore eit av vilkåra for dagen leigeavtale. Dei siste åra har det vore stor merksemd rundt leigeprisen for kunstforeininga, og mange meinte at den var for låg.

Bystyre valde difor å sette opp prisen, og kompenserte delvis for auken ved å gi eit tilskot som skulle dekke tenestene med å vere inngangsparti for Kulturhuset. Dette var likevel ikkje fullgodt for kunstforeininga, som frykta at auka utgifter skulle gå utover drifta.

– Det er ikkje tvil om at vi oppnår ei meir stabil og langsiktig ordning ved å flytte. Det er viktig for ei foreining som oss som lever av marginar at vi har ei stabil husleie, seier Håkon Raabe, styreleiar i Ålesund kunstforeining.

– No har vi ei fantastisk moglegheit til å revitalisere og utvikle kunstformidlinga vidare, og vi kan konsentrere oss 100 % om det, held han fram.

Eit løft for kunstinteressa

Styreleiar i Stiftinga, Marianne Roald Ytterdal er svært glad for at kunstforeininga blir med i det nye lokalet.

Styreleiar i Stiftinga, Marianne Roald Ytterdal

Styreleiar i Stiftinga, Marianne Roald Ytterdal er svært glad for at kunstforeininga blir med i det nye lokalet.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Det blir heilt fantastisk og vi har gledd oss lenge til denne dagen. No får vi vist fram både kunstforeininga sine bilete og bileta frå Holm-samlinga., seier ho.

Det er Ålesund kunstforeining som skal ta seg av den profesjonelle driftinga av det nye lokalet. Roald Ytterdal håpar at det vil bli ein ny attraksjon i byen.

– Eg trur dette kan føre til eit løft for den generelle kunstinteressa i heile regionen. Det å få kunsten ut til publikum er noko som har lege nært hjartet vårt i mange år, og no skjer det endeleg, held ho fram.