Kommune skulle krevje inn pengar- politiet kalla det svindel

Då Ålesund kommune sende ut faktura med skrivefeil, gjekk alarmen hos politiet. Dei bad folk om å ikkje betale.

 Ålesund kommune sendte ut faktura og politiet trudde det var svindelforsøk.

Slik ser kravet frå Ålesund kommune ut. Både politiet og fleire innbyggjarar trudde det var eit forsøk på svindel.

Foto: Skjermdump

Tore Andre Ulvestad

Tore Andre Ulvestad var sikker på at fakturaen frå kommunen var lureri.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Torsdag fekk ein del innbyggjarar i storkommunen fakturakrav på 555 kroner. På fakturaen var Ålesund feilstava og det stod Ålesnud.

Tore Andre Ulvestad reagerte umiddelbart då kravet kom i Vipps og tenkte at dette var lureri. Fakturaen han skulle betale var for «myndighetsutøvelse». Eit ord han aldri har høyrt før.

– Det er den merkelegaste merkinga av ein faktura eg har sett nokon gong. Eg trudde det var svindel, seier Ulvestad. Feilstavinga av Ålesund gjorde ikkje mistanken hans mindre. Han lét vere å betale.

Også andre reagerte og kontakta politiet. Dei gjekk raskt ut på Twitter og åtvara mot svindel.

Skjermdump fra Twitter

Kravet var ekte

Ole Kristian Arntsen, rekneskapssjef Ålesund kommune

Ole Kristian Arntsen er rekneskapssjef i Ålesund kommune. Han seier skrivefeilen til kommunen var uheldig.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Men kravet var slett ikkje svindel. Det var ein ekte faktura for tilsyn av private avløpsanlegg. No går kommunen ut i ei pressemelding og ber innbyggjarane betale rekninga.

– Det er flott at ein tek forholdsreglar når noko inneheld ein skrivefeil, det er slik ein kan unngå svindel. I dette tilfellet var skrivefeilen ein uheldig feil. Fakturaen er ekte og skal betalast, seier rekneskapssjef Ole Kristian Arntsen i pressemeldinga.

Føre-var-prinsipp

Eli Anne Tvergrov

Eli Anne Tvergrov i Møre og Romsdal politidistrikt meiner det var riktig å åtvare mot svindel, etter eit føre-var-prinsipp.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Kommunikasjonsrådgivar Eli Anne Tvergrov i Møre og Romsdal politidistrikt meiner at politiet gjorde ei riktig vurdering då dei åtvara mot svindel.

– Denne gongen her var det etter føre-var-prinsipp, seier Tvergrov. Ho seier at kreativiteten blant svindlarar er stor og at det er bra at folk melder frå dersom dei mistenker lureri.

Tore Andre Ulvestad er alltid på vakt mot svindel, og meiner at kommunen kan gjere ein betre jobb for å unngå slike tabbar igjen.

– For det første må dei stave orda riktig. Og kanskje kan dei bruke eit meir forståeleg språk, seier Ulvestad.