NRK Meny

Ålesund kan bli «Smart by»

Ålesund er invitert til å bli med i FN-prosjektet «United 4 Smart Sustainable Cities», melder Sunnmørsposten. Prosjektet blei lansert i mai 2016 og skal gjere byar og busetjingar inkluderande, trygge, mostandsdyktige og berekraftige. Dette skal skje ved å oppmuntre til å bruke ny teknologi og innføre bere kraftig infrastruktur. Ålesundaren Kari Aina Eik leiar FN-gruppa for smarte byar. Ho fekk gruppa til å delta på konferansen Innotown, og gruppa hadde arbeidsmøte i Ålesund i bakkant av konferansen, melder Sunnmørsposten.