I fjor blei Ålesund for første gong den mest besøkte cruisehamna i Noreg, målt i talet på passasjerar. I år vil sunnmørsbyen få besøk av inntil 700.000 cruisepassasjerar fordelte på 284 anløp, ifølge hamnefogden.
– Det er veldig positivt og det seier noko om den jobben som er gjort over mange år for å posisjonere Ålesund og omlandet som reiselivsdestinasjon, seier Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
12.000 turistar
Men det finst altså inga grense for kor mange cruisepassasjerar byen kan ta imot per dag. Ifølge havnefogden er det under 5000 passasjerar som kjem samtidig dei fleste dagar.
På somme dagar har skipa som har komme til Ålesund hatt 12.000 turistar om bord.
Regelen der at tre cruiseskip kan ligge til kai samtidig, men skipa blir større med åra.
– Legg igjen 700 millionar kroner
På dagar utan cruiseturistar er det ikkje mykje liv i gatene. Dei sørgar også for pengar i kassa til butikkane og spisestadane.
– Prognosen er at cruiseturistane vil legge igjen minst 700 millionar kroner i byen, seier reiselivssjefen.
Men besøka har også ein pris.
– Vi har det smalaste og trongaste bysentrumet i landet. Når vi har tusenvis av passasjerar her i byen, så merkar folk det veldig godt i kvardagen, seier Monica Linge Marcelli.
Bør det vere eit makstal på kor mange cruiseturistar ein kan ta imot?
Vil ha grense
Det blir tidvis kø, trafikkork og trengsel. NRK har tidlegare fortalt om innbyggarar som blir plaga av turistbussar som går i skytteltrafikk. Svære cruiseskip sperrar for utsikta. Marcelli fortel om innbyggarar som skuggar unna sentrum når cruisebåtane ligg til kai.
– Eg er ikkje imot cruiseturisme, men eg meiner at vi bør avgrense det. Vi bør ha grenser på linje med andre større byar i Noreg.
Vurderer grense
No skal Ålesund kommune finne ut kor mange turistar byen toler, og om det er behov for ei grense. All turisme skal under lupa, ikkje berre cruiseturisme.
– Vi skal lage ein plan for korleis vi ønsker å utvikle oss saman med reiselivsnæringa, og finne ut korleis vi kan utvikle oss som destinasjon og finne ein god balanse saman med dei som bur og driv i byen. Men også for korleis vi skal klare å skape enda fleire verdiar, seier varaordførar Monica Molvær (H).
Reiselivssjefen skal leie arbeidet med reiselivsplanen.
– Det finst ei grense for kor mange som kan komme, og vi må finne ut kor ho går. Det skal vi analysere oss godt fram til før vi seier meir om det, seier Skrede.
Kan ta imot fleire
På grunn av sprengt kapasitet seier hamna nei til halvparten av cruiseskipa som vil komme i sommarmånadane.
For hamna er det er mogleg å ta imot enda fleire utanfor høgsesongen.
– Så å seie at vi ikkje skal ta imot fleire, det blir jo veldig feil i forhold til å vere sunnmøring, da. Men ein må jo gjere dette på ein klok måte, seier hamnefogd Ole Christian Fiskaa med eit smil.
Trur byen kan bli øydelagt
Vasco Pinhol bur i Ålesund. Han har reist verda rundt som naturfotograf, og sett korleis aukande turisme har øydelagt små, sjarmerande stader. Pinhol samanliknar cruiseturisme med å sage av greina ein sit på.
– Det vil ende opp med å gjere Ålesund til noko anna enn Ålesund; vi er ikkje ein stor by, og mengda passar ikkje for oss.
Færre melder frå
I år har ikkje kommunen fått så mange tilbakemeldingar om problem, seier hamnefogden
– Det er i grunnen lenge sidan vi har hatt det.
Men han får motstand frå Monica Linge Marcelli.
– No som det har auka så mykje som det har gjort dei siste åra, så føler eg at det er fleire og fleire som opplever små og store negative ting, seier Linge Marcelli.
– Bør ha ei grense
NHO Reiseliv meiner alle cruisekommunar bør ha eit makstak på talet cruiseturistar per dag.
– Alt reiseliv må underordnast dei som bur der frå før. Reiselivet skal vere bra for dei som bur der, og bra for dei som besøker. Da har du ein langsiktig, berekraftig bransje som kan vere der over år og sleppe konfliktar, seier administrerande direktør, Kristin Krohn Devold.
I ein tidlegare versjon av artikkelen stod det at det kjem mellom 8000 og 10 000 passasjerar samtidig dei fleste dagar. Det riktige er ifølge havnefogden under 5000 passasjerar.