Hopp til innhold

Ålesund har for få gjestar i forhold til hotellrom

Fersk statistikk viser svakare omsetningstal per hotellrom for turistmagneten Ålesund. Situasjonen i Molde og Kristiansund er derimot ein heilt annan.

Ålesund

Ålesund er utan tvil Møre og Romsdal sin turistby nummer ein. Hotellkapasiteten i byen har likevel auka meir enn kundegrunnlaget i følgje ein fersk statistikk.

Foto: Odd Sørås / NRK

– Det kan tyde på at det som skjer i Ålesund no er at ein har fått auka hotellkapasitet, og at trafikken ikkje har auka i takt med kapasiteten, seier tidlegare president i NHO-reiseliv, Ragnar Heggdal.

I 2011 blei det nye Quality Hotel Waterfront opna, etter omfattande renovasjon av dei opprinnelege bygningane frå 1906, som Waterfront no består av. Med sine 196 rom bidrog det nye hotellet til at den totale kapasiteten i Ålesund auka til om lag 1050 rom.

– Vil gå over

Ragnar Heggdal er i dag hotellvert ved Molde Fjordstuer, eit hotell som til trass for omfattande utbygging har godt besøkstal i forhold til tal på rom.

Ragnar Heggdal

Ragnar Heggdal er tidlegare president i NHO-reiseliv. Han trur overkapasitet er grunnen til at Ålesund scorar lågt i statistikken frå Hotelia.

Foto: Aina Rødal / NRK

Han trur hotellnæringa i Ålesund raskt kan hente seg opp att, dersom dei saman med Molde og Kristiansund i endå større grad fokuserer på framtida. Eit lokalt næringsliv i stor utvikling blir drege fram som ei viktig gruppe å imøtegå.

– Eg trur situasjonen i Ålesund vil gå over. Grunnlaget for hotelldrift er godt i dei tre største byane i fylket, og besøkstala er gode. Eg er sikker på at når den relativt nye kapasitetsauken i Ålesund blir meir absorbert inn mot kundegrunnlaget, så går dette seg til, seier Heggdal.

Ingen reell nedtur

Hotelldirektør ved Quality Hotel Waterfront, Aina Bakke Aalen, meiner statistikken Hotelia AS presenterer er misvisande. Ålesund hadde i følgje Aalen ein reell vekst på 20.000 overnattingar som destinasjon frå 2011 til 2012.

Det som har ført til lågkonjunkturen for Ålesunds-hotella i starten av 2013 kan i følgje Waterfront-direktøren forklarast med at ein av offshore-gigantane i regionen avslutta aktivitetane sine ved spolbasen på Vigra. Då vart heile 30.000 romdøgn i byen kansellert.

– Dersom ein isolert sett ser på etterspurnaden i høgsesongen, så kunne vi i Ålesund heilt sikkert opna endå eit hotell. Difor meiner eg at desse tala som baserer seg på det som eg heller vil kalle lågsesongen, er misvisande, seier Aina Bakke Aalen.

Travelt i resepsjonen hos Quality Hotel Waterfront

Resepsjonistane ved Quality Hotel Waterfront har meir enn nok å henge fingrane i. Til trass for ei auke på 20.000 overnattingar for hotella i Ålesund mellom 2011 og 2012, viser statistikken for januar og februar i år at det var lågt omsetningstal per tilgjengelege rom.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Aalen legg ikkje skjul på at det er ei utfordring å etablere eit nytt hotell i Ålesund.

– Sjølv om Ålesund er Noreg sin tredje største turistdestinasjon, så opplever ein også her store svingingar mellom høgsesong og lågsesong. Vi har ei tøff oppgåve framføre oss, men vi arbeider målretta for å etablere oss som eit konkurransedyktig alternativ.

Aina Bakke Aalen fortel vidare at Quality Hotel Waterfront opplevde eit godt første driftsår etter opninga i 2011.

Ålesund lågast på lista

Det var Hotelia AS, med grunnlag i omsetningsdata frå Benchmarking Alliance som nyleg presenterte tal for hotellparken i dei største norske byane. Totalt sju hotell i Ålesund med kapasitet på til saman 750 hotellrom var med i analysen, som tok føre seg januar og februar månad i år.

Ålesund kom dårlegast ut i statistikken, som baserar seg på omsetningstal per tilgjengeleg rom. Det vil seie kor mykje hotellet faktisk tener på å leige ut eit hotellrom.

Direktør for Rica Parken Hotel i Ålesund, Sven Erik Moe, trur ikkje det går lenge før overnattingstala til Ålesund stabiliserer seg igjen.

Direktør for Rica Parken Hotel i Ålesund, Sven Erik Moe.

Sven Erik Moe, direktør for Rica Parken Hotel i Ålesund, trur overkapasiteten vil jamne seg ut.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

– Erfaringsvis så vil det ikkje gå lenge før det jamnar seg ut igjen. Det skal også seiast at aktiviteten i hotellbransjen ikkje er den største no i denne perioden som statistikken er basert på, seier Svein Erik Moe.

– Liknande erfaringar

Verken Kristiansund eller Molde er inkludert i statistikken frå Hotelia, men i følgje sentrale aktørar i begge byane er omsetningstala til hotellnæringa der god.

Britta Joø er hotelldirektør ved Thon Hotel Kristiansund. Då hotellet som ligg heilt nede ved havet på Innlandet opna dørene i 2009, var reaksjonen frå dei andre aktørane innan hotelldrift i byen sjokk.

Kristiansund fekk då eit nytt bygg med 99 rom som førte til ein overkapasitet. Britta Joø dreg ein parallell mellom opninga av Quality Hotel Waterfront og korleis det var då Thon Hotel Kristiansund etablerte seg i Nordmørsbyen.

– Då vi etablerte oss for fire år sidan vart nyheita møtt med skepsis og vantru frå dei andre aktørane. I fjor leverte derimot både vi og dei andre bedriftene gode resultat, seier Britta Joø og legg til:

Britta Joø

Hotelldirektør ved Thon Hotel Kristiansund, Britta Joø.

Foto: Monica Berge

– Difor trur eg ikkje det blir lenge til Ålesund også hentar seg opp igjen. Lærdommen vi har gjort oss som nyaste aktør i ein allereie godt etablert marknad er at ein gjennom samarbeid med andre aktørar oppnår betre resultat for alle. Det gjeld å finne nye måtar å tiltrekke seg kundar på, seier Britta Joø.