Denne veka har det vore fleire ulike arrangement for å feire jubileet. Fengselsleiar Kjartan Helland trur at mange vil vite korleis det eigentleg er i eit ekte fengsel.
– Det dei fleste veit om fengsel kjem ofte frå amerikanske filmar, så der er nok mange som er nysgjerrige på korleis det eigentleg ser ut innanfor murane, seier fengselsleiaren, som trur at om lag 300 menneske stoppa innom open dag i Ålesund fengsel.
- Les også:
Håper på nytt fengsel
Oddvar Heen var ein av dei. Det var første gongen hans i fengsel, men kanskje ikkje den siste.
– Det er veldig spennande å få komme på besøk for å sjå korleis det ser ut. Men no må det bli nytt! 150 år er lenge, seier Heen.
Fengselsleiaren er eining. Han har ein draum om eit flunkande nytt fengsel.
– Vi er eit av dei svært få bydelsfengsela som er så gamle. No må det skje noko, meiner Helland.
«Nettverk etter soning»
Fengselet blei bygd i 1864, og det var starten på ein revolusjon i den norske fengselspolitikken. Det vart plutseleg snakk om å behandle fangar, og bot og betring vart ein kjend frase.
Mykje har skjedd sidan den gong, og tortur og isolat er lagt vekk til fordel for å gi innsette ein sjanse til å kome seg ut av kriminaliteten. Røde Kors var til stades i fengselet laurdag for å informere om «Nettverk etter soning». Det er eit prosjekt for dei som vil finne sin plass i normalsamfunnet.
- Les også:
– Vi har byrja med dette denne veka, men det er allereie etablert andre stader i landet. Det er basert på kjerneverdiane til Røde Kors, og vi vil vere med å engasjere og gi dei innsette ein sjanse til å få normale liv, seier Harald Høgstøyl i Røde Kors.
Kollegaen hans, Asbjørn Wille, syns «Nettverk etter soning» er kjempespennande, og er motivert til å få fleire innsette på rett kjøl.
– Når du slepp ut av fengsel står du på fengselstrappa med ein plastpose og kanskje 260 kroner i lomma. Då er det lett å vende tilbake til gamle miljø. «Nettverk etter soning» skal hjelpe dei lauslatne med å få ei kontaktgruppe som kan vere der for dei i kvardagen, seier Wille.
- Les også:
Hovudmåla er å hjelpe menneske med behov for å etablere nye sosiale nettverk etter soning i fengsel eller gjennomført straff.
– Forhåpentlegvis første gong i fengsel
Fengselsbetjent Nils Espen Lilleheim og Marte Hove Aase hadde omvising med dei nysgjerrige gjestane laurdag. Lilleheim seier at mange kjem fordi det er forhåpentlegvis den einaste måten folk faktisk får sjå innsida av eit fengsel.
– Det er mange år sidan vi hadde open dag sist. Innbyggjarane i denne byen har nok gått forbi fengselet hundrevis av gonger, men aldri sett korleis det eigentleg er.
- Les også:
– Det er eit lite samfunn som fungerer på sin egen måte, og det er det nok mange som syns er spennande, seier Aase som også fortalde at det aldri er ein dag som er heilt lik i jobben som fengselsbetjent.
Tiåring fekk prøve opprørsutstyr
Alekna Haidas (10) var ein av dei besøkande. Han og familien var spente og ville gjerne sjå kva som skjer på innsida av eit fengsel. Han fekk også ha på seg det utstyret som fengselsbetjentane må ha klart i tilfelle opprør.
– Kult! Men det var litt tyngre enn forventa.