Hopp til innhold

Ålesund får pingvinar

Atlanterhavsparken i Ålesund får ny storattraksjon. I september kjem ti pingvinar til parken.

Pingviner
Foto: Arkiv / NRK

Frå før er det berre akvariet i Bergen som har lov til å halde pingvinar i Noreg.

Parken har arbeid i lang tid for å få godkjenning til å huse pingvinar, og no er alt klart for å ta imot dei nye attraksjonane.

 

Ti pingvinar

Ti pingviner er bestilt til parken. Pingvinane er humboltpingvinar. Arten som kjem frå Humboltstredet mellom Chile og Peru.

- Det er fem damer og fem herrer. Det fortel marknadsjef ved parken, Tor Erik Standal.

Vil trivast

Atanterhavsparken er no i ferd med å melde seg inn i European Assosiaton of  Zoo and Aquaria. Det er gjennom denne organisasjonen at dei no skaffar seg pingvinar.

Standal forsikrar at pingvinane vil trivast i Ålesund.

- Vi har vore i Bergen og fleire andre stader for å sjå korleis dei har handtert det der. Vi har hatt fleire ekspertar både frå inn og utland som har sett på forholda og sagt at dette er perfekt for pingvinar, seier Standal.

Barnefamiliar

Reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre Bjørn Sandnes er ikkje i tvil om at pingvinparken i Ålesund vil bidra til å auke attraktiviteten til området.

- Særleg for barnefamiliar vil pingvinane kunne verte eit trekkplaster, seier Sandnes.