NRK Meny
Normal

Ålesund er eit av få stadar med redningsdykkarar

Arbeiderpartiet vil betre dykkarberedskapen rundt om i landet. Arne Sigurd Hansen, leiar for beredskap i Ålesund brannvesen, meiner det vil verte vanskeleg å betre beredskapen i Møre og Romsdal.

Fagleder i brannvesenet i Ålesund, Arne Sigurd Hansen.

Arne Sigurd Hansen trur ikkje det er økonomisk forsvarleg å betre dykkarberedskapen i Møre og Romsdal, sidan ein må ha helikopter stasjonert i nærleiken.

Foto: Remi Sagen / NRK

Etter drukningsulykka i Molde etterlysast fortgang i prosessen for å betre dykkarberedskapen fleire stadar i landet.

– Departementet må sjå på dette med nasjonale briller for å sjå om beredskapen er godt nok rigga i dag med tanke på det som skjedde i Molde, seier arbeiderpartiets Else-May Botten.

Else-May Botten, Arbeiderpartiet

Else-May Botten vil betre beredskapen for redningsdykkarar.

Foto: JGO

Les også:

Leiar for beredskap i Ålesund brannvesen, Arne Sigurd Hansen, seier ein er heilt avhengig av helikopter for å få nytte av beredskapen.

– Dersom ein skal etablere helikoterbasar fleire stadar i fylket, vil det bli ei frykteleg dyr teneste, seier Hansen.

Vil etablere betre tiltak

Ove Vanebo

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Ove Vanebo.

Foto: Olav Heggø / FotoVisjon AS

Onsdag formiddag køyrte ein bil av dypvannskaia ved Moldegård i Molde. Lokalt brannvesen var på staden berre fire minutt etter at bilen sank, men måtte vente i over 15 minutt på redningsdykkarar frå Ålesund.

Les også:

I mai ble det sendt et hasteoppdrag til direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, i håp om å betre beredskapssituasjonen.

– Vi kjem til å gå nøye gjennom den for å finne tiltak som er treffsikre og følgje opp der det er størst behov, seier statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Ove Vanebo.

Må ha helikopter

Hansen meiner det er mykje som skal på plass for å få ein betre dykkarberedskapen.

– Dersom ein etablerer redningsdykkarberedskap i Molde, Kristiansund, Ørsta eller Fosnavåg, vil ein kunne nå ut i nærområdet, men ikkje lenger. Med helikopteret som er stasjonert ved sjukehuset i Ålesund, er vi hurtig ute til redningsaksjonar både nord og sør i fylket.

Dykkarberedskapen er døgnbemanna, med tre eller fire dykkarar på jobb til ei kvar tid.

– Men, er det nok å berre ha dykkarberedskap i Ålesund?

– Innanfor dei kriteria om kor vidt vi klarer å berge nokon som har hamna i sjøen, så har vi ein relativt god beredskap i fylket, meiner Hansen.

Måtte ei drukningsulykke til

Arne Sigurd Hansen

Arne Sigurd Hansen, leiar for beredskap i Ålesund brannvesen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ålesund Brannvesen har ikkje alltid hatt like god beredskap. Det kom på plass etter at ein gut hald på å drukne sommaren 2006.

– Brannmennene rykte ut, kasta seg ut i vatnet og fekk berga guten, sjølv utan trening som redningsdykkarar. Då vi fekk sjå kor bra det gjekk med guten, inspirerte det til å få på plass beredskap i kommuna, seier Hansen.

Brannvesenet fekk gjennomslag i bystyret om satsing på å utdanne redningsdykkarar som no vert nytta i heile fylket.

Med hjelp frå redningsdykkarane frå Ålesund tok gårsdagens aksjon i Molde omlag 30 minutt.

– Overflatedykkarane gjorde ein fantastisk jobb med å lokalisere bilen, slik at vi kunne gå rett ned. Det gjekk relativt raskt tatt i betraktning omstendigheita, meiner Hansen.