Hopp til innhold

Ålesund er byen med svakast prisutvikling i landet

Med ein nedgang på 1,5 prosent er Ålesund byen i Noreg med svakast bustadprisutvikling i november månad. – Ta det heilt med ro, for det blir betre, seier eigedomsmeklar.

Ålesund - En vakker by i januar

SVAK UTVIKLING: I november er Ålesund den byen med både svakast prisutvikling og treigast salstid i heile landet.

Foto: Arve S. Fjærli

November er tradisjonelt ein av dei svakaste månadane i bustadmarknaden. Nye tal frå Eigedom Norge viser at det også stemmer i år.

Ålesund er byen som kjem dårlegast ut i heile landet. Tala viser ein nedgang på 1,5 prosent for november månad.

Men Ålesund er også byen med treigast salstid i landet, med eit snitt på 67 dagar.

Det har vore frustrerande for Bjørn Tore Hjelle. Han og kona hadde ei leilegheit midt i smørauge av Ålesund liggande ute i om lag tre månader før dei fekk selt den berre for nokre dagar sidan.

Bjørn Tore Hjelle

HADDE FLAKS: Bjørn Tore Hjelle og kona hadde leilegheita på marknaden i tre månader, før ein einaste kjøpar blei interessert.

Foto: Privat

– Eg trudde den skulle ryke etter første eller andre vising, men vi hadde åtte privatvisingar og ei fellesvisning, fortel Hjelle.

Det var berre ein kjøpar som til slutt var interessert og Hjelle karakteriserer det heile som flaks.

Berre tre-fire dagar etter at dei hadde varsla meklaren at dei ville ta leilegheita ut av marknaden og heller prøve på ny i mars, dukka kjøparen opp.

– Dette objektet, i ei prisklasse under 2 millionar kroner, burde gå raskare, meiner Hjelle.

– Ikkje dramatisk

Espen Skarbø ved Krogsveen Moa synest det høyrest spesielt ut at det skal ta så lang tid som det gjorde for Hjelle og kona.

– I utgangspunktet er det ikkje vanskeleg å selje bustad i Ålesund. Så lenge ein har dei rette fasilitetane og gjer dei rette grepa, så går det meste greitt unna, fortel Skarbø.

Han ser heller ikkje mørkt på tala for november.

– Dette er ikkje ein særleg dramatisk nedgang for denne årstida.

Han grunngir påstanden med at dei same tendensane i marknaden har vore der lenge og at nedgangen har vore stabil den siste tida. Bustadprisutviklinga i Ålesund dei siste tolv månadane viser ein nedgang på 1,9 prosent.

Espen Skarbø

TAR DET MED RO: Espen Skarbø er avdelingsleiar og eigedomsmeklar ved Krogsveen Moa. Han trur pilene vil peike oppover snart.

Foto: Salt Studio/Krogsveen

Grønare tider, grønare piler

– Det er veldig mykje psykologi i dette. Når folk oppfattar at marknaden er dårlegare enn den har vore, så vel mange å vente med sal av sin bustad, fortel Skarbø.

Det var 11,7 prosent færre selde bustader i Ålesund i november i år enn i fjor, ifølgje Skarbø. Han fortel at det som skjer i bustadmarknaden på det sentrale Austlandet har stor verknad på Vestlandet.

Han oppteken av å påpeike at vi på desse kantar ikkje har opplevd same prisveksten som på Austlandet. Difor blir fallet mindre.

– Ta det heilt med ro – jo grønare det blir på våren, jo grønare blir pilane på prisstatistikken, seier Skarbø.