NRK Meny
Normal

Aleris etablerer seg i Ålesund

Når Medi3 flyttar til nye lokale står det private helse- og omsorgsføretaket Aleris klar til å etablere seg i Ålesund.

Grethe Aasaved

Grethe Aasved er administrerande direktør i Aleris Helse.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Det er avisa Nytt i Uka som omtalar nyetableringa i ein omfattande artikkel i avisa som kjem på marknaden i morgon.

– Vi har lenge hatt eit ønskje om å kome til Ålesund. Aleris er svært ambisiøse med tanke på kva vi ønskjer å få til i Ålesund, seier administrerande direktør i Aleris Helse, Grethe Aasved til Nytt i Uka.

Aleris Helse tek over lokala som Medi3 har disponert i Sundgata 12 i ei årrekkje. Medi3 skal flytte. Og Aleris skal vere klar i dei nye lokala frå nyttår. Aleris er Noregs største private helseaktør med 1000 tilsette på 26 stader i 16 byar.

Selskapet blei etablert i Stavanger i 2014 og tidobla verksemda på tre år. No lovar dei at dei skal etablere eit topp moderne sjukehus i Ålesund i løpet av kort tid.

– Vi har eit godt samarbeid med den offentlege helsetenesta. Det lokale sjukehuset vil vere ein viktig samarbeidspartnar for oss, Vi ønskjer også å hjelpe dei lokale sjukehusa der vi er, seier Aasved til Nytt i Uka.

Selskapet skal no i gang med ei kartlegging av kva helsetenester det er behov for i området i og rundt Ålesund. Og dei er tydelege på at dei no vil opptre i konkurranse med det private helseføretaket Medi3 som har vore i området i årevis.

– Det blir i konkurranse med Medi3. Men vi opplever at konkurranse skjerpar både kvaliteten på tenestene og prisen på tilbodet. Dette tener pasientane på, seier sjefen i Aleris til Nytt i Uka.

Oppslaget til Nytt i Uka blir også understøtta av ein artikkel i Sunnmørsposten. Der stadfester Johs. A. Aspehaug, styreleiar i Quadriceps Eiendom AS at ein ny leigetakar er på veg inn i lokala etter Medi3.

– Eg kan ikkje seie noko om kven den nye leigetakaren er, men kan stadfeste at Medi3 skal ut innan 1. januar 2018 og at ein ny leigetakar skal inn frå same tidspunkt, seier Aspehaug til Sunnmørsposten. Han stadfester at det er snakk om ein langsiktig leigeavtale, men vil ikkje kommentere innhaldet i den nye avtalen.