NRK Meny
Normal

Aldri for seint med eit kveldsbad

Med temperaturar langt over tjuetalet fleire stadar i fylket var det mange som utnytta sommarvêret i Møre og Romsdal i dag. Aldri for seint med eit kveldsbad

Ein glad badegjeng

Ein glad badegjeng hadde tatt turen til Volsdalsberga i Ålesund måndag kveld.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Blå himmel, strålande sol og temperaturar langt over 20 grader er noko av det folk i Møre og Romsdal har fått oppleve i dag. Måndag kveld var det fleire som hadde tatt Volsdalsberga i Ålesund for å kjøle seg av i varmen.

– Når det er tjue grader ute så må vi nesten ta med barna ut og bade. Det er ikkje kvar dag vi opplever slike temperaturar, men det spørst kva temperatur det er i vatnet. Det er sikkert ikkje like varmt der, seier Mette Gallefoss.

Og dei fleste av oss veit å nytte seg av det når det først blir finvêr her i fylket.

– Du får jo veldig mykje energi av slike dagar og du har lyst til å gjere mykje. Men det er ikkje alltid du rekk alt, så då må du fare på badestranda klokka kvart på ni, seier Gallefoss.

Trass i høge kveldstemperaturar var ho ikledd dunjakke og shorts.

– På Sunnmøre må du vere førebudd på alt, seier ho lattermild.

Årets første bad

Emilie Hellevik Rolen på stupebrettet

Låge badetemperaturar skremte ikkje Emilie Hellevik Rolen frå å hoppe ut i vatnet fleire gonger.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK
Plask

Og med det var årets første bad unnagjort.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Søstrene Emilie Hellevik Rolen og Sofia Hellevik Rolen hadde også tatt turen til Volsdalsberga måndag kveld. Dei var begge klar for å ta årets første bad. Med litt nølande skritt går dei to ned trappa til vatnet.

– Eg trur kanskje det er seks-sju grader, seier Emilie.

Ho nølar litt før ho tek dei første skritta ut i vatnet. Og så er det ingen veg tilbake. Med eit plask legg ho på svøm, og årets første bak er dermed ein realitet.

– Det er iskaldt, seier ho medan ho svømmer mot land så fort ho kan.

Like etter er det Sofie sin tur. Ho kan sjølvsagt ikkje vere dårlegare enn søstera og hiver seg ut i vatnet.

– Det er kaldt, skikkeleg kaldt, seier ho.

Høyr heile innslaget her:

Nyt varmen så lenge den varer

Og det er berre å nyte varmen så lenge den varer. For allereie tysdag er det meldt lågare temperaturar i fylket.

– Eit nedbørsområdet beveger seg sørover og gir litt regn, men opphaldsvêr sør for Florø. Frå ettermiddagen er det meldt lettare vêr. Skiftande bris, på kysten sør for Frøya nordaust liten kuling, stiv kuling ved Stad, skriv Meteorologisk institutt.

I morgon er det meldt lågare temperaturar, men enkelte stadar kan få opp imot 15–16 grader. Onsdag er det igjen venta litt høgare temperaturar og finvêr. Men allereie på torsdag er det meldt overskya, regn og temperaturar under ti grader.