Hopp til innhold

Aldri før har det vore så mange privatskular i fylket

Nedlegginga av grendeskular fører til rekordmange privatskular i Møre og Romsdal. I august startar den 19. privatskolen i fylket opp.

Rektor Ingrid Kvam Steinshamn og styreformann Odd Asbjørn Nybø

Rektor Ingrid Kvam Steinshamn og styreformann Odd Asbjørn Nybø er klare for å ta imot elevane i august.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er mange år sidan skulen i Brusdalen i Skodje vart lagt ned, men no får skulen nytt liv. Sunnmøre indremisjon startar barne- og ungdomsskule i dei gamle lokala og elevar både frå Skodje, Ålesund, Ørskog og Haram skal gå på skulen frå hausten av.

Rektor Ingrid Kvam Steinshamn fortel at det er foreldra som ønskja den kristne skulen.

– Det var foreldregrupper som tok kontakt og ønskja ein slik skule for barna sine, seier ho.

Skal ta imot 45 elevar

Skulen skal ta imot 45 elevar frå hausten av, og rektoren gler seg til skulestart.

Ingrid Kvam Steinshamn

Rektor Ingrid Kvam Steinshamn fortel at det er foreldra som ønskja den kristne skulen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Det er mange pultar og stolar som skal settast ut før alt er klart, seier Steinshamn medan ho viser fram lokala i Skodje.

Frå hausten av vil klasseromma igjen vere fylt av elevar. Rektoren fortel at det er mange av elevane som oppdaga skulen etter att planane kom i gang.

– Når nokon av foreldra først hadde tatt initiativ til ein slik skule, og planane vart godkjent, så var det fleire som melde si interesse, seier ho.

Rekordmange privatskular

Ifølgje assisterande utdanningsdirektør Jørn Thomassen, har det aldri vore så mange privatskular i Møre og Romsdal før.

Jørn Thomassen

Assisterande utdanningsdirektør ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal seier at det er fordelar og ulemper med privatskular.

Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

– Det har vore ei jamn auke dei siste åra. Vi har god grunn til å anta at nedlegginga av grendeskulane er ei av årsakene, seier han.

– No har det blitt fleire privatskular på bygdene som erstattar dei nedlagde grendeskulane, held han fram.

Thomassen fortel at det både er fordelar og ulemper ved privatskulane.

– Det positive er at det ofte blir stor entusiasme rundt desse skulane. Mange av dei jobbar også svært bra.

Det negative er at det kan bli små skular og skulemiljø, og at dei ikkje har tilstrekkeleg kompetanse, seier han.

Alternativ skule

Privatskulen i Skodje skal derimot ikkje erstatte ein nedlagt grendeskule. Den vart plassert i Brusdalen fordi lokala stod ledige.

Målet med privatskulen er å gi elevane eit anna alternativ, seier rektoren.

– Vi er ein skule som har eit tydelegare fokus på dei verdiane som vi meiner er viktige i livet og elles i verda, seier Steinshamn.

– Det vil både personalet som får jobb her og elevane oppleve, held ho fram.