Hopp til innhold

Seks gongar i døgnet får Nataliia i Ålesund bombealarm frå Kyiv

Ukrainarar som har flykta får varsel på mobilane sine når bombeflya nærmar seg heimlandet. Nataliia Kravchenko i Ålesund blir skrekkslagen kvar gong.

Nataliia Kravchenko

Nataliia Kravchenko vil ikkje gløyme det som skjer i heimlandet Ukraina. Difor har ho ikkje sletta programmet som sender henne bombealarmar kvar gong krigsflya nærmar seg Kyiv.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I fredelege Ålesund drikk Nataliia Kravchenko kaffi. Den 44 år gamle ukrainske kvinna ser roleg ut, men på eit blunk er ho i alarmberedskap.

Fleire gonger kvart døgn ular bombealarmen frå mobilen hennar. Då veit ho at bombeflya nærmar seg heimbyen Kyiv.

– Det er forferdeleg, for eg veit at folk må berre springe og gøyme seg under jorda fordi det er så farleg, seier den 44 år gamle kvinna.

Alarmane varslar henne døgnet rundt om det som skjer i heimlandet. Midt i kafebesøket, på skulebenken eller om natta medan ho søv. Då hastar det å sjekke nyheitene for å sjå kvar bombene har treft.

Skru på lyden for å høyre alarmen gå:

Nataliia får flyalarm på telefonen sin i Ålesund kvar gong flyalarmen går i heimbyen hennar i Ukraina

Nataliia får flyalarm på telefonen sin i Ålesund kvar gong flyalarmen går i heimbyen hennar i Ukraina

Nesten 100 alarmar på ein månad

Lyden frå bombealarmen går gjennom marg og bein og overdøyver alt i rommet når han går av utan forvarsel . Nordmenn flest kjenner ikkje den uhyggelege melodien.

Det gjorde heller ikkje Nataliia Kravchenko før krigen i Ukraina braut ut. Midt i ein telefonsamtale høyrde ho brått alarmen bli utløyst på telefonen sin medan ho sat i fredelege Ålesund.

– Eg forstod ikkje kva det var. Eg snakka med mor mi og skjønte ingenting, seier ho.

Krigsherja Kyiv

Dette bildet fekk Nataliia Kravchenko frå ei venninne. Det skal vise venninna si utbomba leiligheit.

Foto: privat

Programma som 44-åringen hadde lasta ned på mobilen sin i heimlandet viste seg å fungere også i Noreg. Dermed fekk ho alarmane som styresmaktene sende, sjølv om ho var i Ålesund meir enn 285 mil unna. Den siste månaden tippar ho det kan ha blitt nesten 100 alarmar. Kvar gong veit ho det er fare på ferde i heimbyen Kyiv.

– I starten fekk vi ikkje sove, seier den norske sambuaren, Steven Bendal.

Nataliia Kravchenko og sambuaren Steven Bendal

Nataliia Kravchenko og sambuaren Steven Bendal. Dei første netene bombealarmen gjekk, klarte dei ikkje sove. No er dei i ferd med å venje seg til ein ny kvardag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Krig i snart 40 dagar

Den 44 år gamle kvinna såg for seg eit lukkeleg liv i Noreg då ho i fjor haust forlèt Kyiv. Ho hadde funne kjærleiken med ein norsk mann og reiste for å slå seg ned i Ålesund. Men lite visst ho om kva som venta heimlandet Ukraina.

No fryktar ho at det aldri vil bli det same å kome heim etter ein krig som førebels har vart i over ein månad og lagt store deler av Ukraina i ruinar. Så langt er ingen av hennar slektningar eller vener råka, men ho fryktar dagleg at det skal skje.

Sjølv om det er ei belastning med dei stadige bombealarmane, vil ho ikkje skru dei av.

– Eg har framleis alarmen på mobilen. Eg vil vite kva som skjer i Ukraina. Det er mitt land og eg er svært uroleg for det som skjer der, seier ho.

Nataliia Kravchenko i heimbyen Kyiv før krigen

Nataliia Kravchenko i heimbyen Kyiv før krigen braut ut. No fryktar ho at det aldri blir det same å kome heim.

Foto: privat